Bokmeldinger

Lagt til 2. februar, 2017

Mykje meir enn Mussolini



Av Mari Torsdotter Hauge

|

Italias politiske historie, det er jo risorgimento, Mussolini, og Berlusconi det. Dei har i det minste ein del med saka å gjera. I like liten grad som vikingar, 1814 og «kongens nei» oppsummerer norsk historie, gir dei italienske stikkorda eit fyldig bilete av historia til støvel-landet.

Det gir derimot Elisabetta Cassina Wolff i det omfattande og detaljerte eittbindsverket med den presise, om ikkje enormt fengjande tittelen Italias politiske historie 476-1945.

Å skildra historia til eit land som Italia – midt i Europa og samtidig litt i utkanten, sentrum i renessansen, setet for pavekyrkja, utgangspunktet for fascismen under Mussolini – frå Vest-Romerriket braut saman til den andre verdskrigen tok slutt, på under 400 sider, er eit imponerande, og ikkje minst modig prosjekt. Få bøker med like breitt utgangspunkt klarer oppgåva så godt, men det hjelper at Wolff startar med presise spørsmål og hypotesar, og legg meir vekt på økonomisk og demografisk utvikling, konstitusjonell utvikling, ideologiar og akademisk utvikling. Det hjelper også at Wolff følgjer ei velkjent kronologisk organisering med dei «vanlege» knaggane frå andre oversiktsverk i europeisk historie. At den raude tråden er kjent på førehand gjer det enklare for lesaren å hengja med i korleis det gjekk med folket på den italienske halvøya etter Romerrikets undergang, i krosstoga, svartedauden, motreformasjonen, og dei mange konfliktane og krigane med skiftande alliansar som har prega det europeiske kontinentet opp gjennom. Samtidig kan ei slik organisering innimellom gjera det heile litt føreseieleg. I første del av boka kjem innimellom historia om folket og statane på den italienske halvøya i skuggen av lengre utgreiingar av felleseuropeisk maktpolitikk, og dei byvise oppsummeringane blir ståande litt aleine og på sida. Etter kvart som ein nærmar seg 1800-talet og risorgimento (atterreising) forsvinn denne litt oppstykka forteljinga raskt, og den litt krøkkete starten blir raskt til ein lesefest for alle Italia-interesserte. Om dette skuldast at det først er ved hundreårsskiftet 1700/1800 at nasjonalstatsprosjektet som er emnet for denne boka eigentleg startar, eller fordi ein her byrjar å nærma seg forfattaren sitt eige interesseområde og spesialfelt er ikkje godt å seia – kanskje ein kombinasjon?

Å skildra historia til eit land som Italia (…) på under 400 sider, er eit imponerande, og ikkje minst modig prosjekt.

Boka startar som nemnt altså med slutten, nærmare bestemt med Vest-Romerrikets fall i 476 evt. Wolff opnar med å konfrontera ein av dei mest seigliva mytane i italiensk kultur og historie: at italienarane er dei einaste legitime arvtakarane til romarane (side 18). Myten har vore dyrka av forfattarar og poetar til alle tider etterpå, men Wolff understrekar at sjølve Italia berre var ein abstrakt idé: Det er først frå rundt 900 evt. at ein snakkar om ‘italienarar’ heller enn ‘romarar’ (side 19). Perioden fram til 1300 er elles framstilt akkurat passe grundig og detaljert, med mindre merksemd mot den italienske halvøya og meir mot utviklinga i (Vest-)Europa som heilskap enn eg kanskje hadde venta. Mot slutten av kapitlet kjem ei akkurat passe grundig og nyttig innføring i det særitalienske byfenomenet. Wolff viser at det ikkje er utan grunn ein kalla Italia i tidleg mellomalder for landet med tusen byar (side 43). Ho greier ut om styringssystemet og den økonomiske og politiske utviklinga i fleire av dei viktigaste byane i landet, som Venezia og Genova, Roma, Firenze osb., og gjer greie for framveksten av den moderne italienske bystaten slik me kjenner han frå seinmellomalderen.

Tidsmessig spenner det neste kapitlet, om fleire ‘Italia-er’, som Wolff kallar det, frå dei dystre nedgangstidene som sette inn i landområdet frå 1300 og fram til Cateau-Cambrésis-avtalen frå 1559, ein fredsavtale som avslutta ein lang periode med krigar og teikna opp grensene for både dei europeiske og italienske statane, og gav herredømmet over den italienske halvøya til Spania. På i underkant av førti sider skal Wolff ta føre seg Svartedauden og økonomiske nedgangstider, framveksten av kapitalismen, framståande italienske poetar og tenkjarar som Petrarca, Boccaccio og Machiavelli. Ho skal gjennom utviklinga av fyrstestatane i t.d. Firenze og Venezia, framveksten av pavestaten og det store skismaet, renessansens fødsel og ei rad til dels forvirrande krigar mellom pavestaten og dei italienske fyrstedømma og Frankrike – som altså enda med Cateau-Cambrésis-avtalen. Det blir ei heseblesande ferd, og som lesar er det tidvis vanskeleg å hengja med i alle detaljane og ta inn all informasjonen. Temaet ‘fleire Italia-er’, der Wolff viser den tildels svært ulike politiske utviklinga i dei tidlegare bystatane i nord, der Italia ikkje eigentleg fanst, men utgjorde mange ulike statar, er godt løyst. Samtidig fanst det endå eit Italia i sør, kongedømma Napoli og Sicilia. Wolff nemner fleire svært interessante ting: At den økonomiske kløfta mellom nord og sør i Italia alt var synleg på 1200-talet, og vart endå meir markant på 1300-talet. Både hungersnaud og økonomiske nedgangstider råka sør mykje hardare enn nord, sjølv om heile landet leid under dei dårlege tidene (side 67). Seinare i kapitlet nemner også Wolff ei ‘snik-kolonisering’ av Sør-Italia frå nord som var i gang alt på 1300-talet ettersom handelsverksemda frå Sicilia vart kontrollert av genovesarar, florentinarar, jødar og katalanarar (side 83). Begge desse aspekta skulle eg gjerne ha lese meir om, men i eit kapittel der ‘alt’ skal med, ser det ikkje ut til å ha vore plass til å gå i djupna på desse aspekta.

1500- og 1600-talet blir ofte kalla ‘den spanske epoken’ i italiensk historie, ettersom godt og vel halvparten av landområda, det vil seia kongedømma Napoli, Sicilia, og Sardinia – som utgjorde heile sør-Italia sør for Roma – og hertugdømmet Milano i nord, låg under Spania. Italienske historikarar har lenge sett på dette som ein periode prega av dekadanse, intoleranse, katolsk fundamentalisme, kulturell tilbakegang, økonomisk stagnasjon og forfall, fortel Wolff. Denne førestellinga er nært knytta til tapet av fridom, og ‘den spanske epoken’ vart slik sterkt sett ned på under risorgimento. Først dei seinare åra, skriv Wolff, har historikarane gjort ei ny vurdering av den spanske epoken og funne rett mange positive ting som også kan trekkjast fram, og det er denne forståinga Wolff legg seg på i kapitlet som går frå 1559 og til det viktige året 1796.

1796 er viktig fordi det av nokre historikarar blir rekna som startskotet for risorgimento, dette fleirtydige omgrepet som naturlegvis tek opp god plass i eit verk om Italias politiske historie. Wolff identifiserer tre ulike meiningar: 1) eit omgrep for perioden som omfattar hendingane som førte fram til samlinga av Italia, 2) heilskapen av dei ideane, draumane og prosjekta som på 1800-talet hadde som mål å oppretta eit sjølvstendig Italia, og 3) omgrep for ulike politiske ideologiar med røter i den italienske nasjonalismen på 1800-talet. Ikkje alle dei italienske historikarane er samde i at risorgimento starta i 1796. Nokre tidfestar starten til 1700-talet, andre til år 1800, 1814, eller så seint som 1840- og 1850-åra. I 1796 vart det italienske absolutistiske einevoldsregimet avsett av den franske hæren under Napoleon, som feide gjennom landet, og kvervla opp ei sky av nye og spanande idear. I perioden frå 1796 til 1799 – under det franske felttoget – tok italienske forfattarar for første gong til orde for ein politisk renessanse for Italia som stat, skriv Wolff. Ein drøfta sannsynet for at dei ulike statane på halvøya kunne samlast til ein republikk og hadde gylne ideal om maktfordeling og like rettar. Også omgrepet risorgimento kom i bruk for første gong i denne perioden, skriv Wolff om kvifor ho har valt 1796 som utgangspunkt (side 158).

For den som vil læra meir om Italias historie er ho likevel ein strålande stad å starta.

I innleiinga si nemner Wolff at eit av spora ho vil følgja i si historie, er den konstitusjonelle utviklinga i Italia. Dette er kanskje litt tørt, men samtidig er det faktisk svært interessant å følgja lagnaden til Statuto Albertino (Alberts vedtekt), forfatninga som vart gitt av kongen Karl Albert av Savoy-Carignano i 1848 og som fekk eit langt liv som Italias grunnlov – med endringar – fram til 1948. Mens fleire europeiske land på 1800-talet fekk forfatningar skrivne og gjennomarbeidde av nasjonalforsamlingar, var Statuto Albertino utforma av kongen og inspirert av den portugisiske grunnloven frå 1826, den franske frå 1830, den belgiske frå 1831 og den greske frå 1844 (s. 193). Det spanande er å sjå korleis paragrafar i nettopp Statuto Albertino vart tilpassa mange tiår seinare for å gi meir makt til den ferske statsministeren Benito Mussolini, til dømes då parlamentet julaftan 1925 vedtok ei lovendring om som styrkte posisjonen til statsministeren vis-à-vis dei andre ministrane, og samtidig gjorde regjeringa uavhengig av parlamentet, eit klart brot med parlamentarismen (side 281).

Alt i alt er Italias politiske historie eit grundig, detaljert og oversiktleg verk. Som lesar saknar eg innimellom litt hjelp frå forfattaren, til dømes oppsummeringar av hovudpunkt ved slutten av kvart kapittel for å samla trådane og minna oss på kva retning denne historia skal gå i, kva som er det viktige og essensielle. Innimellom kan detaljrikdommen gå på akkord med raude trådar og samlande narrativ, men stort sett er dette ikkje eit problem. Språket er for det meste klart, men blir somme gonger både krøkkete og litt innvikla (og speglar slik innimellom historia som blir fortald). For den som vil læra meir om Italias historie er ho likevel ein strålande stad å starta. Her er heile historia konsentrert mellom to permar, og ein får stadig lyst til å fordjupa seg vidare i ulike emne, karakterar og kontroversar som naturlegvis ikkje kan behandlast i detalj i denne boka. Dei mange karta er oversiktlege og ein god hjelp, men kor er bileta? Dei var sakna.

 

Mari Torsdotter Hauge, f. 1987. Doktorgradsstipendiat ved European University Institute, Firenze.

Bokmeldingen er trykket Fortid 02/2016.

Tags: ,


Kommentarfeltet er stengt.

Tilbake til toppen ↑
  • Nytt nummer i salg

  • Twitter


  • Last ned nummer 4/2015