Bokmeldinger

Lagt til 2. februar, 2017

Tokulturlæra i alle variantar og frå alle vinklar



Av Gabrielle Legrand Gjerdset

|

«Ut or unionane!». Det retorisk treffande slagordet hugsar nok fleire av dei som følgde godt med i innføringsemnet i nyare norsk historie. Slagordet frå Noregs Ungdomslag var eit rop om at dersom det norske folket skulle vere frie i eige hus, så måtte ein kome seg ut av dei to unionane ein var i: den politiske unionen med Sverige og den kulturelle unionen med Danmark.[1] Tokulturlæra i norsk historie tek føre seg realhistoria og forskingshistoria rundt sistnemnde av desse to unionane.

Jens Johan Hyvik, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Sørøst-Noreg, har skrive ei kort, informativ og velskriven bok. Ho kom ut i 2016, og er ein del av Samlaget sin serie «Utsyn & innsikt»: korte innføringsbøker i ulike historiske emne. Serien set seg føre å gi lesaren oversikt over den nyaste forskinga på eit felt gjennom å fletta saman realhistorie og forskingshistorie. Desse bøkene egnar seg derfor spesielt godt for studentar og andre interesserte som treng eit djupdykk i eit spesielt tema. Tokulturlæra i norsk historie har åtte kapittel fordelt på 151 sider, og når kapitla i tillegg er oppdelte i fleire underkapittel, får ein hyppige pausar til å fordøye det ein har lese. Saman med eit godt og flytande språk gjer det leseopplevinga behageleg.

Hyvik tek oss innom mellom anna språkhistorie, kulturhistorie og politisk historie, og temaa vert problematisert ved at forfattaren trekk inn ulike teoriar og perspektiv, som nasjonalismeteoriar og postkoloniale perspektiv. Lesaren får til å byrja med ein grundig gjennomgang av tokulturlæra sin plass hos forskarane på 1800-talet, hos forskarane i dag og hos forskarane i mellom, og Hyvik viser at tokulturlæra på eitt eller anna vis har vore med heile vegen frå då til no. Dei neste kapitla er i større grad realhistoriske, men også her plasserer Hyvik temaa han er innom i lyset av ulike forskarars meiningar og syn på feltet. Dei realhistoriske kapitla vert også interessante å lese på grunn av den store delen originaltekst og sitat som er brukt. Hyvik trekk ut illustrerande sitat frå dei aller fleste personane han diskuterer, og han gjer det på ein god måte. Sitat kan nokre gonger vere malplasserte verkemiddel, men her treff dei i staden spikaren på hovudet gang etter gang, og fungerer som lærerike og ofte morosame avbrekk i teksta. Obs! Det kan vere ein fordel å vere vand med (eventuelt gjere seg klar for) å lese landsmål og riksmål på 1800-talsviset.

Men kva er eigentleg tokulturlæra? Kort samanfatta er det oppfatninga om at det eksisterte to kulturar i Noreg: på den eine sida ein elite med tilknyting til Danmark og til europeisk kultur, og på den andre sida det ekte, opphavlege norske folket: bøndene og allmugen. Den framande eliten hadde makta i landet ettersom at dei sat på viktige embete og var overrepresenterte i nasjonalforsamlinga. Kulturen deira skilde seg frå kulturen til folket som hadde bore med seg det ekte norske gjennom generasjon etter generasjon. Denne læra, eller oppfatninga, finn ein igjen i fleire store debattar og rørsler i perioden, og ideen om at det var to kulturar i landet verkar ofte å vere meir enn ei lære, men eit heilt samfunnssyn, ein ideologi og identitetsmarkør. Det var mogeleg å hekte dei aller fleste problemstillingane i tida på skillet mellom elite og allmuge, mellom dansk og norsk og mellom by og bygd, det vere seg målstrid, opplysning, demokratiske reformer og venstrerørsle.

Ivar Aasen får mykje av æra for å ha gjort tokulturlæra til ein viktig tanke i tida, og er også via mykje plass i boka. Aasen fortalde om ei djup splitting mellom eliten og folket, og la tyngd på bondens rolle som nasjons- og kulturberar. Eliten hadde ikkje legitimitet til å sitte på alle posisjonane dei hadde i og med at dei ikkje var ein ekte del av folket. Dei hadde sjølv ansvar for å integrere seg i den norske kulturen – det såkalla omvendte danningsidealet. Tokulturlæra vart også viktig for Aasens arbeid med landsmålet. Språk er makt, og eit viktig ledd for at folket skulle ta tilbake makta i landet var å ta i bruk folkespråket, landsmålet. For at den norske kulturen skulle ha forrang i Noreg, måtte også det ekte norske språket nyttast. Det danske språket bidrog berre til å stø opp om det danskkulturelle hegemoniet til eliten. Ivar Aasens rolle i å utforme og definere tokulturlæra, og i å ta læra i bruk for å underbyggja den politiske språkkampen, er godt belagt av Hyvik ved bruk av publiserte og ikkje-publiserte tekster, avisinnlegg og talar av Aasen sjølv. I tillegg til å vere verknadsfullt, er dette i seg sjølv eit nyttig døme for oss studentar i å observere bruk av kjeldemateriale i større diskusjonar.

Ivar Aasen får mykje av æra for å ha gjort tokulturlæra til ein viktig tanke i tida, og er også via mykje plass i boka.

Hyvik deler tokulturlæra i to variantar, ein radikal og ein moderat. Den radikale delen gjekk hardt i strupen på eliten, og definerte dei ut av den nasjonale fellesskapen. Fleire av dei radikale aktørane såg på arven eliten hadde med seg frå Danmark og frå dansketida som arv frå ein kolonist, og fant ikkje noko å ta vare på i det. Eliten var framand, dei var ikkje ein del av fellesskapen. Denne radikale innfallsvinkelen beveger seg ofte over i det ein kallar tonasjonslæra – altså at det ikkje berre eksisterte to kulturar, men to nasjonar i Noreg. Ikkje ein gong etnisk eller nasjonalt skulle eliten få vere i same bås som allmugen. Forfattarane Arne Garborg og Aasmund Olavsson Vinje er mellom anna plassert i den radikale delen. Her er det fleire omgrep som liknar kvarandre, men Hyvik leiar lesaren fint gjennom dei ulike variantane. Den moderate delen av tokulturlæra var openbert mildare. Dei moderate meinte at det var ei sosial og kulturell kløft mellom eliten og bondebefolkninga, men ønsket og håpet om ei samling og ei bru over kløfta var i større grad til stade. I denne delen finn ein mellom anna historikar Johan Ernst Sars, folkehøgskulemannen Christopher Bruun og venstreførar Johan Sverdrup.

Denne radikale innfallsvinkelen beveger seg ofte over i det ein kallar tonasjonslæra – altså at det ikkje berre eksisterte to kulturar, men to nasjonar i Noreg.

Læra blei ei «ideologisk brekkstang» mot embetsmennenes hegemoni i det norske samfunnet, kan ein lese i boka. Kanskje mest interessant er det å sjå korleis ulike aktørar på 1800-talet evna å nytte tokulturlæra som middel for å nå måla sine. Ivar Aasens innsats i å knyte målkampen til ideen om brytinga mellom dei to kulturane er eit framifrå eksempel på nett dette. Også politikarane og ideologane i Venstre, spesielt Johan Ernst Sars og Johan Sverdrup, nytta seg av tokulturlæra for å underbygge politiske mål dei hadde. Dei batt forfatningsstriden og regimeskiftet i 1884 tett saman med målkampen og oppfatninga om dei to kulturane. Slik fekk dei ei stor rørsle (målrørsla) på si side i den politiske framstøyten mot 1884. Det er langt frå det einaste eksemplet der Sverdrup knytte rørsler til seg og sine kampar mot å gi støtte attende til deira kampar. På 1860-talet skapte Sverdrup ein viktig allianse mellom byradikalarane som han var ein del av og Søren Jaabæk og bøndene. Gjennom å støtte bøndene på tinget i deira sparepolitikk, fekk han støtte for eigne konstitusjonelle forslag i retur.[2] På same vis fekk målrørsla støtte i sine saker, krona med jamstillingsvedtaket i 1885, mot å yte støtte i kampen for venstrerørsla sine demokratiske reformer.

Boka gir eit innblikk i ulike variantar av tokulturlæra og ulike meiningsberarar i tida. Men det er heldigvis også sett av plass til kritikarane av læra, noko som er med på å løfte diskusjonane. Vi får innblikk i argumenta til kritikarar som historikaren Ludvig L. Daae som peikte på at det ikkje var snakk om ulike kulturar, men ulikt danningsnivå i folket, språkforskaren Knud Knudsen som skreiv at eliten og allmugen til saman utgjorde det norske folket og ikkje minst historikaren Yngvar Nielsen som etterlyste bevis på både at det i det heile tatt var to kulturar og bevis på kva norsk kultur eigentleg var for noko. Nielsen peikte også på at dei få danske innvandrarane som hadde kome uansett for lenge sidan hadde assimilert seg i det norske folket. Kritikken mot tokulturlæra er også interessant å lese metodisk på grunn av den grundige bruken av originalkjelder.

Det einaste eg saknar i boka, er at Hyvik trekk nokre parallellar til i dag. Spesielt to tema ønskjer eg meg nokre liner om. Det eine er i kva grad ein kan finne att denne kløfta og dei to kulturane i dag. Korleis er dagens samfunn delt – har vi fortsatt ein elite i dag som stammar frå eliten då? Eller har vi ei ny kløft i dag, og i så fall kva slags kløft? Det andre eg saknar er nokre ord om norsk kultur no og då. Norsk kultur vert stadig vekk diskutert i det offentlege ordskiftet, og det rår lite konsensus om kva den norske kulturen eigentleg er. Å vise at ein var like ueinige då som ein er no er derfor eit viktig bidrag til samfunnsordskiftet. Det siste kapitlet i boka heiter «Utsyn», og etter mi meining har dette kapitlet også plass til nett desse problemstillingane. Til Hyviks forsvar er Tokulturlæra i norsk historie ei fagleg introduksjonsbok til eit historisk tema – ikkje eit innlegg i ordskiftet. Ho utgir seg heller ikkje for å vere noko anna enn nett det. Likevel trur eg leseopplevinga kunne blitt løfta enda nokre hakk dersom desse parallellane hadde vore trekte.

Alt i alt har Hyvik gitt ut ei velskriven og innhaldsrik bok. Tokulturlæra vert bretta ut og belyst frå alle vinklar, og ein får innblikk i fleire interessante miljø og debattar. Ho er utan tvil ein nyttig ressurs for studentar og andre som interesserer seg for utviklinga på andre halvdel av 1800-talet – det vere seg politisk, språkleg eller kulturelt. Som ein fort skjøner i lesinga av Tokulturlæra i norsk historie er dette uansett område som heng tett saman, gjennomsyra av det same straumdraget.

 

Gabrielle Legrand Gjerdset (f. 1989) har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo.

 

Noter

[1] Sørensen, Øystein. Kampen om Norges sjel, i Norsk idéhistorie. Bind III. Oslo 2001 s. 353.

[2] Seip, Jens Arup. Utsikt over Norges historie. Tidsrommet ca. 1850-1884. Oslo 1981 s 147.

Tags: , ,


Kommentarfeltet er stengt.

Tilbake til toppen ↑
  • Nytt nummer i salg

  • Twitter


  • Last ned nummer 4/2015