Nyheter

Lagt til 6. september, 2018

Fortid 4/2018 får temaet BY OG LAND

Årets siste nummer av Fortid skal handle om skilnadar og likskap mellom by og land, og korleis bygda og byen har påverka kvarandre. Bygd og by, by og land, sentrum/periferi — eit klassisk tema innanfor samfunnsvitskapen og humaniora skal altså bli lagt under lupa.

I eit land som Noreg, der det kryr av små tettstadar, har bygda har spilt ei stor og viktig rolle i landets historie. Likevel bor det flest menneskjer i dei større byane i dag. Har vi mista noko på vegen? Kvifor valde nokon å flytte til byen, imens andre blei igjen? Korleis har det prega by- og bygdefolk at dei har budd i små eller store samfunn? Og kva med tilhøvet mellom desse gruppene? Kan vi i det heile snakke om bygdekultur på same måte som før, i ei stadig meir globalisert verd? 

Kanskje kan du mykje om historia til Tokyo Subway, eller tyske bønder som emigrerte til USA på 1800-talet og slo seg ned i storbyar som Chicago? Eller brenn du inne med ein tekst om livet i dei romerske provinsane? Kva med abortkampen på 1970-talet i Noreg, viste den andre mønster på bygda enn i byene? Kva har skjedd med urfolkskulturen i Latinamerika etter at grensene mellom natur og concrete jungle blei meir flytande?

Viss du har ein idè, ei forteljing eller ein tekst som du kunne tenkje deg å få på trykk — send oss ein mail! Spør oss dersom du er i tvil om idèen passar eller ikkje. Vi er som vanleg på utkikk etter artiklar på 6-10 sider, men du kan også sende inn kortare tekstar. Vi tar dessutan imot visuelle bidrag som kan vere eit godt bilete med ein informativ tekst; eller kanskje har du skrive eit dikt med historisk sus?

Frist: 17. oktober


Kommentarfeltet er stengt.

Tilbake til toppen ↑
  • Nytt nummer i salg

  • Følg oss på Facebook