Kva styrer tryggingspolitikken? Tankar om forholdet mellom aust og vest etter den andre verdskrigen

Kjernen i forholdet mellom aust og vest i ein europeisk samanheng gjeld Vest-Europas forhold til Russland. Særleg markert var det under den kalde krigen då Sovjetunionen stod fram som ein av to supermakter. Denne artikkelen diskuterer kva som låg til grunn for tryggingspolitikken i denne todelte og spenningsfylte perioden. Eit hovudpoeng er at Vesten har undervurdert dei defensive motiva bak Sovjetunionens politikk, knytt til erfaringar frå to verdskrigar – at tryggingspolitikk meir enn ekspansjonistisk ideologi har vore styrande. Avslutningsvis blir det argumentert for at slike feilvurderingar har blitt reaktualisert etter Ukrainakrisa i 2014.

Foto: National Archives and Records Administration

I kjølvatnet av andre verdskrigen oppstod det eit skisma mellom dei to store sigerherrane, USA og Sovjetunionen, som nå framstod som supermakter – heva over dei andre stormaktene som kom svært svekka ut av krigen. Den militære dominansen desse to supermaktene hadde, festa seg etter kvart i ei todeling i det internasjonale politiske systemet. Det oppstod ein bipolaritet – først i Europa, og så i heile verda frå inngangen til 1950-talet. Den blokkdelinga som følgde av dette, var ikkje bare uttrykk for at det var to supermakter med hegemoni og kontroll i ulike delar av verda. Det var også ein systemkonflikt. Balansen mellom dei to maktblokkene som stod mot kvarande, vart også prekær som følgje av ny våpenteknologi: Atomvåpna og dei stadig meir utvikla systema for å kunna bruka dei, med fly, ubåtar og rakettar av ulike slag. Det er grunnlaget for den såkalla «terrorbalansen», ein makaber «balanse» som gjorde frontane ekstra urokkelege. I denne artikkelen vil eg diskutera grunnlaget for dei strategiane som vart lagt for å møta utfordringa frå aust under den kalde krigen, med eit avsluttande sideblikk til dagens situasjon mellom Russland og Vesten.

Dei tidlege haldningane frå vestlege historikarar, dei såkalla «tradisjonalistane», meinte at det som dreiv fram den kalde krigen var Sovjetunionens ibuande ekspansjonisme, basert på ein ideologi om å skapa ein verdskommunisme

 

Den kalde krigens formative år: Korleis møta den nye sjølvmedvitne systemutfordraren i aust?

Sovjetunionen og USA var allierte under den andre verdskrigen sidan Operasjon Barbarossa i juni 1941, og saman med Storbritannia la desse statane grunnlaget for den nye orden som skulle etablerast etter aksemaktene sitt nederlag. Sovjetunionen hadde bore dei største byrdene under krigen med om lag 26 millionar døde etter å ha stått aleine mot dei tyske styrkane på Austfronten i tre år. Det ga stor moralsk kapital, samstundes som den enorme mobiliseringa av menneskelege ressursar gjorde at landet ved kapitulasjonen kontrollerte heile Aust-Europa og hadde 11,3 millionar soldatar mobilisert. Desse realitetane gjorde at fredsslutningane på Jalta i februar og Potsdam i juli 1945 strekte seg langt i å akseptera Sovjetunionens rett til å ha ein buffer mot vest, ein tankegang som kom tydeleg til uttrykk i den såkalla «prosentavtalen» mellom Churchill og Stalin frå hausten 1943.[1] Lagnadstung var også avgjerda om å dela det slagne Tyskland i fire okkupasjonssoner.[2]

 

I alt dette låg kimen til det delte Europa som kom med den kalde krigen, ei todeling som vart ein realitet med dei to tyske statane Deutsche Demokratische Republikk (DDR) og Bundesrepublik Deutschland (BRD) i 1949. Prosessen som resulterte i denne delinga inkluderte ei gradvis innstramming i dei austeuropeiske statane slik at dei ein etter ein vart «folkedemokrati», partidiktatur styrt frå Moskva – med det tidlegare demokratiske Tsjekkoslovakia som det siste i februar 1948. Prosessen på vestleg side inkluderte bruk av atomvåpen mot Japan i august 1945, truleg for å hindra Sovjetunionen i å ta del i den siste nedkjempinga av Japan, slik avtalen var. Trumandoktrinen i mars 1947 innleia det som har blitt kalla den amerikanske «oppdemmingspolitikken», og Marshallhjelpa sommaren same året, vart frå Moskva oppfatta som del av denne oppdemmingspolitikken mot systemutfordraren i aust. Sommaren 1948 kom ein ny topp i den stigande spenningskurven, då Stalin – som svar på at dei vestlege okkupasjonssonene vart slått saman til ein – blokkerte sambandet til Berlin. Svaret på det var etablering av ei luftbru til Vest-Berlin som varte i mest eit år. Stalin ga opp denne utpressingspolitikken, og det enda altså med etablering av to tyske statar.

 

Slik vart den kalde krigen ein realitet, med deling av Europa og eit høgt spenningsnivå. Dette skulle ytterlegare eskalera dei komande åra. Ein viktig faktor i den vidare utviklinga var at det amerikanske atomvåpenmonopolet vart brote då Sovjetunionen i august 1949 sprengte si første atombombe. Samstundes sigra kommunistane i borgarkrigen i Kina, ei vestleg orientert stormakt som nå vart verdas andre kommunistiske stormakt. Dei to kommunistiske statane framstod nå som ei blokk. Dette var grunnlaget for at den kalde krigen nå skulle bli global, med Koreakrigen frå sommaren 1950 til mars 1953 som drivkraft. Koreakrigen var startskotet for ein hegemonikamp mellom supermaktene i den tredje verda, det var ei tid for massiv opprusting og for ei omdreiing av atomopprustinga – med utviklinga av hygdrogenbomba, enormt mykje kraftigare enn den som vart brukt i Hiroshima og Nagasaki, først i USA i 1952 og så i Sovjetunionen året etter.

 

Korleis kan desse prosessane knytast til problemstillinga for artikkelen, kva som styrer tryggingspolitikken? Det har vore sjølve kardinalspørsmålet i dei intense historiefaglege diskusjonane om den kalde krigen sidan 1950-talet. Dei tidlege haldningane frå vestlege historikarar, dei såkalla «tradisjonalistane», meinte at det som dreiv fram den kalde krigen var Sovjetunionens ibuande ekspansjonisme, basert på ein ideologi om å skapa ein verdskommunisme. Vesten, med USA som leiestjerne, måtte til slutt setja foten ned for dette gjennom den oppdemmingspolitikken som kom frå 1947. Med andre ord: Sovjetunionens politikk var styrt av ideologi, Vestens politikk var styrt av tryggingspolitiske omsyn. Det er lett å sjå samanhengen mellom dette biletet av Sovjetunionen som grunnleggjande ekspansjonistisk og den kalde krigen sjølv, med det høge spenningsnivået og kjensla av at verda var på veg mot ein ny verdskrig.

 

Denne måten å sjå det på vart utfordra frå slutten av 1950-talet og særleg utover på 1960-talet. «Revisjonistane» såg det heilt annleis enn forgjengarane. Dei såg det slik at tilstramminga i Aust-Europa var uttrykk for ein defensiv posisjon frå Sovjetunionens side. Det var utviklinga av den kalde krigen, som i deira perspektiv starta med Truman og «atomdiplomatiet» i samband med avslutninga av krigen mot Japan, som gjorde at Sovjetunionen ville styrka grepet om si «innflytingssfære» i aust, ein buffer med tanke på ein ny krig. Den sovjetiske politikken var altså eit defensivt svar på ein amerikansk offensiv for å støypa verda om i sitt marknadsliberalistiske bilete, ein strategi som ville vera til fordel for USA som stod med halvparten av verdas industriproduksjon ved inngangen til etterkrigstida. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå USAs svekka stilling i verdssamfunnet som bakgrunnen for denne revurderinga, ikkje minst som følgje av krigføringa i Vietnam. I synet på Sovjetunionen kan ein kanskje seia at tradisjonalistane såg på Sovjetunionen som primært som eit slags politisk parti, mens revisjonistane såg Sovjetunionen meir som ein stat lik andre statar, styrt av tryggingsinteresser.

 

«Postrevisjonistane», som vart hegemoniske på dette feltet frå tidleg 1970-talet og fram til 1990-talet, såg drivkreftene i den kalde krigen på ein heilt annan måte. Drivkrafta var, slik dei såg det, basert på eit «tryggingsdilemma»: Stigande spenningsnivå førte til tiltak frå den eine sida som utløyste tiltak frå den andre sida som igjen skrudde opp spenninga. I dette perspektivet var begge partar, både Sovjetunionen og USA, først og fremst drivne av tryggingsinteresser – som to statar som handla rasjonelt ut frå situasjonen slik den vart oppfatta. Det er lett å sjå at dette perspektivet kunne oppstå i ein avspenningsperiode der begge supermaktene hadde svekka sin posisjon i verdssamfunnet. Ny tilgang til kjelder både frå aust og vest ga eit nytt kunnskapsgrunnlag: Etter at den kalde krigen opphøyrte  og Sovjetunionen vart oppløyst som stat ved inngangen til 1990-talet, har det bølga fram og tilbake mellom posisjonar frå den første tida – ein posttradisjonalisme, ein ny revisjonisme og eit framhald av postrevisjonismen. Ein ny tendens etter den kalde krigen har vore å vektleggja kulturen sterkare, både at den kalde krigen også vart ført på det kulturelle området – men ikkje minst nye konstruktivistiske tilnærmingar som legg vekt på korleis kulturskapte fiendebilete styrte oppfatningane av «den andre» og av kva farar som truga.

Det sovjetiske forslaget om ei samling av Tyskland på grunnlag av framtidig tysk nøytralitet, som fleire gonger vart avvist på vestleg side fordi det vart oppfatta som eit utspel for seinare å pressa landet inn i Austblokka, var truleg motivert av ei slik frykt for revansjisme.

Et amerikansk Douglas C-54 Skymaster fly slipper godteri til berlinske barn under Berlinblokaden 1948-1949. Kilde: National Museum of the U.S. Air Force

Ny kunnskap – grunnlag for nye tolkingar

Det er altså i stor grad dei same posisjonane i diskusjonen om den kalde krigen i dag som dei som herska mens det framleis var kald krig. Men auka kunnskapstilfang har gjort at diskusjonen blir ført på eit meir opplyst grunnlag, og då vil eg peika på nokre moment som var ukjende i samtida, noko som hadde betydning for dåtidas trusseloppfatningar. Det eine gjeld Koreakrigen. I samtida oppfatta Vesten det nordkoreanske åtaket på Sør-Korea som eit ledd i ein global kommunistisk offensiv. Dette var jo like etter den kinesiske revolusjonen og erklæringa om ein sino-sovjetisk allianse, og det var det kommunistiske Nord-Korea som var den aggressive part. I dag veit vi at den nordkoreanske leiaren Kim il Sung sendte 48 telegram til Stalin for å få klarsignal for dette åtaket.[3] Stalin var sterkt tvilande til dette, og truleg var ei fråsegn frå den amerikanske utanriksministeren Dean Acheson avgjerande. Den vart tolka som at Nord-Korea låg utanfor det amerikanske «forsvarsperimeteret», og gjorde at Stalin til slutt ga klarsignalet.[4] Det hadde truleg mindre med sovjetisk ekspansjonisme å gjera enn frykt for at Kina skulle overta hegemoniet i den kommunistiske verda. Samtida var heller ikkje klar over kor skjør alliansen mellom Kina og Sovjetunionen var, også på dette tidlege tidspunktet.

 

Det andre dømet på at ny informasjon gir eit anna bilete av motiva bak Stalins tryggingspolitikk gjeld spørsmålet om kor viktig den sovjetiske frykta for tysk revansjisme var. I vest har slikt snakk frå sovjetiske leiarar vore oppfatta som rein retorikk, som legitimering av den undertrykkande politikken i Aust-Europa. Den kunnskapen vi har om dette nå, tilseier at det var ein høgst reell frykt, basert på to verdskrigar med tysk invasjon. Det sovjetiske forslaget om ei samling av Tyskland på grunnlag av framtidig tysk nøytralitet, som fleire gonger vart avvist på vestleg side fordi det vart oppfatta som eit utspel for seinare å pressa landet inn i Austblokka, var truleg motivert av ei slik frykt for revansjisme. I interne fora ga sovjetiske leiarar i 1952, i samband med endå eit sovjetisk utspel om dette, uttrykk for at det var betre med eit borgarleg styrt, nøytralt og passivisert Tyskland enn eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland.[5]

 

Det revisjonistiske og postrevisjonistiske standpunktet at Stalins politikk først og fremst var styrt av tryggingsinteresser, at det handla om konsolidering og om å byggja ein buffer mot vest, kan altså sjå ut til å ha noko for seg. Det er også i tråd med funna i den framståande norske kaldkrigshistorikaren Geir Lundestad si doktorgradsavhandling frå 1978, der han viser korleis Stalin ikkje hadde ein ferdig utforma plan ved utgangen av krigen, men at ulike land i Aust-Europa hadde ulik prioritet i ein tryggingspolitisk samanheng.[6] Det var dynamikken i utviklinga av den kalde krigen som enda med at Sovjetunionen til slutt tok kontroll over dei alle. På den andre sida: Det var gode grunnar til at statsleiarane i vest frykta at despoten Stalin kunne ha ekspansjonistiske planar, med Vinterkrigen, anneksjonane av dei baltiske statane og seinare ved å ta kontrollen i Aust-Europa. Stalin var ein uberekneleg storleik i internasjonal politikk. Men kva så når han døyr i mars 1953?

Utfallet av nervekrigen på Cuba vart ei normalisering av den kalde krigen. Det vart etablert spelereglar for å leva med terrorbalansen, noko som innebar at USA under Kennedy og Johnson aksepterte Sovjetunionen som ei supermakt med legitime tryggingsinteresser.

EXCOMM-møte under Cubakrisen, 29. Oktober 1962. Kilde: The John F. Kennedy Presidential Library and Museum.

Korleis møta Sovjetunionen etter Stalins død?

Dei nye makthavarane i Moskva varsla frå første stund at dei ville ha endringar i forholdet mellom aust og vest. «Fredeleg sameksistens» og «fredeleg kappestrid» var uttrykk som vart brukt. Responsen på dette frå vestleg side var todelt. Nokre såg dette som tom retorikk. Sovjetkommunismen var ikkje grunnleggjande endra, i botn låg framleis ein ekspansjonistisk ideologi. Og så var det dei som såg det slik at makthavarane i Moskva ønska å framstå som ein rasjonell aktør i det internasjonale politiske systemet og at dette ikkje kunne avvisast utan vidare. Min kollega Stian Bones har karakterisert desse to posisjonane med uttrykka «framleis kompromisslaus oppdemming» og «kritisk dialog».[7] Dette skismaet – mellom kompromisslaus oppdemming og kritisk dialog, gjekk på tvers av land og ulike politiske tendensar internt i dei ulike vestlege landa. Storbritannias statsminister Winston Churchill stod på dialoglinja etter Stalins død, dei same haldningane gjorde seg gjeldande i NATO-landa Canada, Danmark og Norge. Det var ei spenning mellom president Eisenhower og utanriksminister Foster Dulles som gjaldt det same, der Eisenhower var meir open for dialog enn Dulles, som stod uavkorta på oppdemmingspolitikken.

 

I Norge var spenninga mellom dei to strategiane overfor supermakta i aust personifisert med statsminister Einar Gerhardsen og partisekretær Haakon Lie. Gerhardsen var særs aktiv for å bidra til ein meir regulær stat-til-stat-relasjon mellom Norge og naboen i aust – hans mykje omdiskuterte besøk i Moskva hausten 1955, hans «store tale» på statsleiarmøtet i NATO i Paris i desember 1957 og freistnaden saman med utanriksminister Halvard Lange på å bruka Oslo som bakkanal for eit toppmøte mellom Khrusjtsjov og Eisenhower i januar 1958. Slike møte kom ikkje i stand før utanriksminister Dulles døde året etter.[8] Denne spenninga i måten å sjå Sovjetunionen på, som ideologistyrt og ekspansjonistisk eller som ein rasjonell aktør – rett nok med eit totalitært indre styre, gjekk gjennom heile den kalde krigen, med ulik balanse alt etter kor høgt spenningsnivå det var. Det same gjaldt vurderingane av særleg grove overgrep i Aust-Europa, slik som invasjonane i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968: Var dei utrykk for ein brutal tryggingspolitikk som grunnleggjande handla om å sikra kontroll over bufferstatane mot vest, eller var dei uttrykk for vilje til maktmessig framrykking?

 

Her kom eit viktig skilje ved Cubakrisa i oktober 1962. Den kom etter at spenningsnivået hadde stige kraftig, med U2-affæren i 1960 og Berlinkrisa 1961, som førte til opprettinga av det synlegaste uttrykket for det delte Tyskland: Berlinmuren. Utfallet av nervekrigen på Cuba vart ei normalisering av den kalde krigen. Det vart etablert spelereglar for å leva med terrorbalansen, noko som innebar at USA under Kennedy og Johnson aksepterte Sovjetunionen som ei supermakt med legitime tryggingsinteresser. Det var grunnlaget for den såkalla «vesle avspenninga», med prøvestansavtale, etablering av direkte telefonlinje og seinare ikkje-spreiingsavtalen av 1968. Denne avspenninga på supermaktsnivå vart ført endå langt lengre ved inngangen til 1970-talet med Salt 1 og ABM-avtalen i 1972. Eit uttrykk for denne nye tilstanden var at invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 bare førte til eit kortare opphald i arbeidet med avspenning.

 

Tysk austpolitikk og europeisk avspenning

Eit stort sprang i retning av å sjå Sovjetunionen som ein likeverdig partner i det internasjonale politiske systemet var at avspenningspolitikken på 1970-talet fekk ein sterk europeisk dimensjon. Motoren i dette var avklaringa av forholdet mellom Vest-Tyskland og Aust-Tyskland, der forbundskanslar Willy Brandt var den sentrale aktøren – ut frå slagordet «to tyske statar i ein nasjon». Til då hadde vesttysk politikk vore grunnlagt på den såkalla Hallsteindoktrinen, at Vest-Tyskland ikkje ville anerkjenna land som anerkjende Aust-Tyskland. Nå måtte ein anerkjenna realitetane, at det var to tyske statar, og at samling av Tyskland heller skulle vera resultatet av «Wandel durch Annäherung». Samstundes vart dei polske grensene anerkjend, og Vest-Tyskland slutta seg også til ikkje-spreiingsavtalen. Med dette forsvann meir eller mindre den sovjetiske frykta for tysk revansjisme.

 

Dette opna også opp for ein avspenningspolitikk på europeiske premiss, prosessen enda opp med Helsinkierklæringa i 1975 og etableringa av Konferansen for samarbeid og sikkerhet i Europa (KSSE). Dette var ein strategi for å byggja ut avspenningspolitikken i breidda, gå frå supermaktsnivået og ned på samfunnsnivå med auka kulturell, økonomisk og politisk kontakt på tvers av jernteppet. For å få til dette måtte Sovjetunionen prinsipielt erklæra at menneskerettane gjaldt og tillata opprettinga av menneskerettskomitear i aust. Det styrka dissenterrørslene i dei ulike landa, Sovjetunionen inkludert, og det sat langt inne for makthavarane i Moskva å gå med på det. Nyare forsking har vist at Bresjnev måtte kjempa ein hard kamp internt i Politbyrået for å få gjennomslag for dette, og at ein viktig bakgrunn for det – i tillegg til dei venta økonomiske fordelane – var at han representerte ein generasjon som var djupt prega av erfaringane med enorme menneskelege tap under andre verdskrigen.[9]

 

På dette tidspunktet, midt på 1970-talet, var det vanleg å rekna den kalde krigen som avslutta. Men i siste halvdel av dette tiåret steig spenningsnivået igjen, slik at det vart snakka om ein ny kald krig. I kjernen av diskusjonen om årsaka til dette låg spørsmålet om korleis Sovjetunionen sin politikk skulle forståast, som konsolidering av makt eller som ekspansjonisme. I USA var Sovjetunionens styrka stilling i Afrika som følgje av dei marxistleninistiske maktovertakinga i dei tidlegare portugisiske koloniane («Angolasjokket») uttrykk for global ekspansjonisme, for Sovjetunionen var det bare snakk om at Sovjetunionen på linje med USA, som slikka såra etter nederlaget i Indokina, hadde rett til å spela ei global rolle. For USA og NATO var utplasseringane av dei sovjetiske SS 20-rakettane ei avtalestridig atomopprusting, for Sovjetunionen ei modernisering av eksisterande våpenarsenal i tråd med kva som skjedde på vestleg side. Og viktigast, det som var kulminasjonen på den stigande spenningskurva: Den sovjetiske invasjonen i Afghanistan i romjula 1979, like etter NATOs dobbeltvedtak om utplassering av nye vestlege mellomdistanserakettar i Vest-Europa. For USA var denne invasjonen det ultimate provet på den ibuande sovjetiske ekspansjonismen, for Sovjetunionen var dette eit inngrep for å berga eit vennlegsinna regime som hadde kome til makta ved eigne krefter og som nå var truga av eit islamistisk opprør – støtta av USA.

 

Desse ulike oppfatningane i Washington og Moskva låg til grunn for dei store splittingane i Vest-Europa under «den andre kalde krigen». Det handla om korleis Sovjetunionen sin politikk skulle tolkast: Var invasjonen i Afghanistan eit svar på ein situasjon som var knytt til den regionen, eller var det slik at politikken her hadde overføringsverdi til andre nabostatar – slik at til dømes Norge i neste omgang kunne vera truga? Diskusjonen om korleis NATOs dobbeltvedtak skulle følgjast opp hadde også denne problemstillinga i botn. I det første tilfellet var det viktig å satsa sterkt på forhandlingselementet i NATOs dobbeltvedtak, ut frå ei grunnhaldning om at begge sider – både aust og vest – hadde ein felles interesse av å unngå atomkrigens Ragnarok. I det andre tilfellet – slik president Reagan var viktigaste eksponent for – var det ikkje meining i å strekka seg for langt for å unngå ny atomopprusting, for det ville bli utnytta av Sovjetunionen til å skaffa seg eit overtak som til sjuande og sist kunne føra til nederlag for Vesten. Bak den første posisjonen stod fredsrørsla, kyrkja, venstresida og dei nordeuropeiske sosialdemokratia, på den andre sida stod høgresida og delar av sentrumspartia.[10]

 

Danmark og Norge er interessante døme på denne spenninga: I Danmark var det ei høgreregjering som vart pressa av ein fleirtalskonstellasjon til å føra ein politikk som var i opposisjon til USAs kompromisslause linje, ei linje som hausten 1983 førte til utplassering av dei nye vestlege mellomdistanserakettane og den mest spente situasjonen i Aust og Vest sidan Cubakrisa. I Norge var det knallharde motsetningar mellom Høgre og Arbeidarpartiet i første halvdel av 1980-talet, der dei to regjeringane Willoch berga seg med knappast mogleg margin i fleire voteringar i Stortinget.[11] Aldri – verken før eller seinare – har det vore så skarp strid om tryggingspolitikken i Norge. Norge var i ein særstilling i denne perioden. På den eine sida var det eit aukande spenningsnivå mellom aust og vest; på den andre sida etablering av eit varig samarbeid med Sovjetunionen, seinare Russland, om forvaltningane av dei svære fiskeressursane i Barentshavet då dei i 1977 etablerte 200 mils økonomisk sone.

 

Avviklinga av den kalde krigen – drivkrefter

I mars 1985 kom eit lagnadstungt skifte i leiinga av Sovjetunionen, den 54 gamle Mikhail Gorbatsjov overtok som partisekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti og dermed den øvste leiinga i staten. Det er ein stor diskusjon om betydninga av dette skiftet på aktørplanet. Det er heva over tvil at Gorbatsjov var motoren i den prosessen som enda med Berlinmurens fall i november 1989, med avvikling av det kaldkrigssystemet som hadde vart i meir enn 40 år – og i desember 1991 også med Sovjetunionens fall. Han tok einsidige skritt til nedrusting, og saman med president Reagan og seinare president George Bush senior vart det inngått omfattande nedrustingsavtalar. Viktigast var INF-avtalen som avskaffa ein heil klasse av atomvåpen, nemleg mellomdistanserakettane som var stridas kjerne ved inngangen til 1980-talet. Han ga vidare klarsignal for at folket i dei austeuropeiske satelittstatane kunne frigjera seg både frå Sovjetunionen og dei tilfrosne partidiktatura. Internt i Sovjetunionen hadde Gorbatsjov eit program for omstilling i økonomien og eit meir ope og demokratisk samfunn. Han var på veg mot sosialdemokratiet og bygde såleis også ned biletet av Sovjetunionen som ein grunnleggjande systemutfordrar – og slik braut han ned både dei mentale og fysiske sperrene mellom aust og vest.

 

Alle er samde om Gorbatsjov si viktige rolle som einskildaktør i desse prosessane, men usemja oppstår når hans gjennomslag og hans politikk skal forklarast. Eg meiner at eit generasjonsargument har mykje for seg: Gorbatsjov representerte 1956-generasjonen, som vart sterkt prega av Nikita Khrustvjovs oppgjer med Stalin på den 20. partikongressen i 1956. Oppgjeret opna for kontakt med vesten, rett nok begrensa, men nok til å påverke haldninga til denne generasjonen. Det var dessutan tunge argument frå det økonomiske nivået for at det måtte koma endringar, fordi den sovjetiske kommandoøkonomien ikkje klarte spranget inn i dataalderen. Nokre, særleg frå republikansk hald i USA, meiner at Sovjetunionen vart rusta i hel, og vart tvinge i kne av Vestens oppdemmingspolitikk. Eit problem med denne teorien er at makthavarane i Moskva ikkje oppfatta den økonomiske situasjonen så elendig som han faktisk var – og heller ikkje i CIA var i samtida klar over kor svak den sovjetiske økonomien var. Det var først etter at Gorbatsjov hadde lagt ein ny kurs, at det vart openbart. Sjølv heller eg difor mot ein annan årsakssamanheng: Den europeiske avspenninga på 1970-talet skapte irreversible haldningsendringar på brei basis i Sovjetunionen og dei austeuropeiske statane som gjorde at dei tilstivna partidiktatura vart utolelege, særleg hos ungdommen og i middelklassen. Samstundes gjorde press nedanfrå i Vest-Europa og USA at det vart skapt opningar for forhandlingar.

Vesten har undervurdert den sovjetiske frykta for tysk revansjisme og såleis også dei tryggingsmotiverte grunnane for innkapslinga i ei eigenkontrollert austblokk.

Amerikanske soldater deltar i en seremoni under en NATO-øvelse i tidligere Sovjet-land Litauen, 13. november 2014. Kilde: Wikimedia Commons

Ein konklusjon med perspektiv på dagens krise mellom Vesten og Russland

I denne artikkelen har eg argumentert for at tryggingspolitikken både i aust og vest under den kalde krigen i stor grad kan forklarast ut frå kva førestilling dei to partane hadde av kvarandre sine motiv: Begge mistenkte eit ønske om ekspansjon på kostnad av den andre parten. Det som skapte eit ekstra alvor bak supermaktsrivaliseringa, var terrorbalansen – at å utløysa ein krig mellom supermaktene innebar utsletting av heile menneskeætta. Vesten har undervurdert den sovjetiske frykta for tysk revansjisme og såleis også dei tryggingsmotiverte grunnane for innkapslinga i ei eigenkontrollert austblokk. Det var også forståelege grunnar til ei frykt for Sovjetunionen i den tida Stalin framleis sat ved makta, på grunn av hans indre terrorregime og ytre ekspansjon. Etter Stalins død har det vore eit skisma i vestleg respons på sovjetisk politikk som kan førast tilbake til spørsmålet om Sovjetunionen først og fremst har vore styrt av ekspansjonistisk ideologi eller tryggingsinteresser. Særleg polarisert vart den tryggingspolitiske debatten i samband med NATOs dobbeltvedtak og den sovjetiske invasjonen i Afghanistan i desember 1979. Spenninga mellom å sjå sovjetisk politikk som styrt av ekspansjonisme eller tryggingspolitikk har også lege til grunn for debatten om kva som gjorde at heile kaldkrigssystemet og Sovjetunionen som stat gjekk i oppløysing ved inngangen til 1990-talet. Eg har i denne artikkelen argumentert for at forklaringa ligg i ein kombinasjon av Gorbatsjov som aktør og dei prosessane som endra dei sivile samfunna i aust nedanfrå gjennom den europeiske avspenninga på 1970-talet.

 

Kan det vera lærdommar å trekka frå den kalde krigens dagar til dagens krise mellom Russland og Vesten etter Ukrainakrisa i 2014? Det går ikkje an å trekka direkte parallellar, det er ikkje kald krig i dag på same måten som under den epoken vil kallar den kalde krigen. Men det er trekk som liknar, og eg meiner det vil vera relevant å karakterisera situasjonen i dag for ein regional kald krig – då mekanismar som verka den gongen, også slår inn nå. Det viktigaste gjeld «synet på den andre», den manglande viljen til å setja seg inn i korleis verda ser ut frå den andre parten. Eg vil nøya meg med å nemna eitt moment med parallellar til den kalde krigens epoke: Spørsmålet om kva som låg til grunn for den russiske anneksjonen av Krim og støtta til opprørarane i Aust-Ukraina. Sanksjonspolitikken og retorikken rundt den tyder på at Vesten ser desse russiske handlingane som styrt av ekspansjonisme. Dersom ein ser dette frå russisk side, og i lys av erfaringane med vestlege intervensjonar i det 20. hundreåret, ser det heilt annleis ut: Heilt sidan 1990-talet har NATO rykka nærare med etter kvart alle landa i det gamle Aust-Europa som medlemmer. I 2008 fekk dei tidlegare sovjetstatane Georgia og Ukraina eit slags kandidatmedlemskap, og med opprøret våren 2014 – støtta av vestlege statsleiarar – vart ein demokratisk valt russiskvennleg president styrta. Det var såleis ein overhengjande fare for at basane for Svartehavsflåten skulle gå tapt. Dessutan: Sett frå russisk side var det ikkje meir av eit folkerettsbrot at Krim igjen vart ein del av Russland – noko fleirtalet heilt sidan Sovjetunionens samanbrot hadde ønska, enn det vestlege åtaket på Serbia i 1999 med etterfølgjande anerkjenning av den serbiske regionen Kosova som sjølvstendig stat.[12]

            Dersom det faktisk er slik at den russiske anneksjonen var tryggingspolitisk motivert, så må det vera rett som den amerikanske statsvitaren Stephen Walt har hevda: Det var feil å følgja ein appeasementpolitikk overfor ein ekspansjonistisk stat som Nazi-Tyskland på 1930-talet, men det er også feil å føra ein avskrekkingspolitikk overfor ei stormakt som Russland som føler seg pressa opp i eit hjørne og er styrt av tryggingspolitiske motiv.[13] Det er då heller ikkje tilfeldig at viktige vestlege aktørar frå den kalde krigens dagar – slike som Henry Kissinger, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch – meiner tida med oppskrudde fiendebilete nå må ta slutt. Det kan i den samanhengen også minnast om ein annan faktor som er felles med dagens situasjon og den kalde krigen: Russland er ei atomvåpenstormakt.

 

Halvard Tjelmeland (f.1952) er professor i historie ved UiT Norges Arktiske Universitet i Tromsø. I 2006 ga han ut boka Den kalde krigen i serien «Utsyn og innsikt» på Samlaget. Han har elles arbeidd mykje med arbeidarrørslas historie, identitetshistorie, innvandringshistorie, region- og byhistorie, pressehistorie og norsk-russiske relasjonar.

 

 

Notar


[1] Lundestad. Øst, Vest, Nord, Sør, 26.

[2] Tjelmeland, Den kalde krigen, 29. Når det gjeld dei meir generelle forholda under den kalde krigen, viser eg til denne boka.

[3] Weathersby “New Findings on the Korean War”, s. 1, 14-18.

[4] Offner Another Such Victory. President Truman and the Cold War, s. 356 ff.

[5] Loth “The German question from Stalin to Khrushchev: The meaning of new documents”, 229-245.

[6] Lundestad, Geir, The American Non-Policy towards Eastern Europe 1943-1947.

[7] Bones, «Med viten og vilje : Einar Gerhardsens reise til Sovjetunionen i 1955», 276-286.

[8] Bones, Komarov og Tjelmeland, «Tøvær», kapittel 14.

[9] Zubok, A failed empire. The Soviet Union in the Cold War from Stalin to Gorbachev, s. 224 ff.

[10] Tjelmeland, «Norsk-sovjetisk fagleg diplomati og den europeiske détente», 608, Tjelmeland, “Ny kald krig og nye fiendebilder”, 517 ff.

[11] Tjelmeland, “Ny kald krig og nye fiendebilder”, 515 f.

[12] Eg diskuterer dette i artikkelen Tjelmeland, «Ekspansjonisme eller tryggingspolitikk».

[13] Walt, “Why Arming Kiev Is a Really, Really Bad Idea”.

 

Litteraturliste

Bones, Aleksej Komarov og Hallvard Tjelmeland. «Tøvær», kapittel 14 i Sven Holtsmark (red:): Naboer i forventning og frykt, Oslo, Pax forlag 2015.

Bones, Stian .«Med viten og vilje : Einar Gerhardsens reise til Sovjetunionen i 1955», Nytt Norsk Tidsskrift 3/2006 (276-286).

Loth, Wilfred. “The German question from Stalin to Khrushchev: The meaning of new documents”, Cold War History, nr. 2 /2010 (229-245).

Lundestad, Geir, The American Non-Policy towards Eastern Europe 1943-1947, Tromsø, Universitetsforlaget, 1978.

Lundestad, Geir. Øst, Vest, Nord, Sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945, Oslo: Universitetsforlaget, 2000.

Offner, Arnold A. Another Such Victory. President Truman and the Cold War, 1945-1953, Stanford, Stanford University Press, 2002.

Tjelmeland, Hallvard. Den kalde krigen, Oslo: Det norske Samlaget, 2006

Tjelmeland, Hallvard. “Ny kald krig og nye fiendebilder”, kapittel 20, i Sven Holtsmark (red:): Naboer i frykt og forventning, Oslo, Pax forlag, 2015.

Tjelmeland, Hallvard. “Ekspansjonisme eller tryggingspolitikk”, Vardøger 38 (2018).

Walt, Stephen. “Why Arming Kiev Is a Really, Really Bad Idea”, Foreign Policy, d. 9.2.2015, http://www.midcoastforum.org/wp-content/uploads/WaltOnUkraine.pdf, (lasta ned 3.2.2017).

Weathersby, Kathryn. “New Findings on the Korean War”, i Cold War International History Project Bulletin, 3 1993.

Zubok, Vladislav M. A failed empire. The Soviet Union in the Cold War from Stalin to Gorbachev, Chapel Hill, The University of North Carolina Press, 2007.

 

Av Hallvard Tjelmeland, professor i historie ved UiT, Norges arktiske universitet
Publisert 15. nov. 2019 17:39 - Sist endret 15. nov. 2019 17:39