Å vinna menneskeverdet

Martin J. Mathiassen Skou (1849-1919) si bok Paa Fantestien frå 1893 var den fyrste boka i Norge som var skriven av og om ein omstreifar. Boka gjev eit sjeldan fyrstehandsinnblikk i korleis assimileringspolitikken til myndigheitene på 1800-talet kunne kjennast på kroppen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

I Paa Fantestien argumenterer Skou for «Omstreiferfolkets fulde Sammensmelten og Opgaaen i det norske Folk», med andre ord for ei assimilering av omstreifarane.[1] Han meiner at eit slikt arbeid ikkje har blitt støtta av eit samla norsk folk tidlegare, då «man har hidindtil vist ikke kjendt, seet og forstaaet, hvor dybt Omstreifernes Elendighed stikker.»[2] Gjennom eiga erfaring meiner han å vita kva for nokre tiltak myndigheitene bør fatta. I boka trekker han på personleg erfaring for å la majoritetsbefolkninga forstå kva for nokre grep ein bør, og ikkje bør ta.

 

Mykje av livshistoria hans kjem fram i boka, og det er desse aspekta me skal sjå nærare på i denne artikkelen. Dratt mellom ein identitet som omstreifar og ein som bufast forsøker Skou å skapa eit Norge han meiner er best for alle partar, nemleg eit utan minoriteten omstreifarane. Artikkelen skal også sjå nærare på korleis han skildrar menneska i desse to gruppene, og ikkje minst seg sjølv og ferda hans mellom dei.

 

Om omgrepsbruk

Ein har brukt fleire omgrep om grupper som har levd eit omreisande liv i Norge, og i kjeldematerialet for denne artikkelen nyttar ein namn som fant, reisande, landstrykarar og omstreifarar. Ein har òg ulike namn for grupper blant dei, som vardølar og taterar. Desse namna markerar eit skilje ein meinte å sjå mellom vardølar, som var av norsk avstamming, og taterar, som hadde eit framand opphav utanfor landegrensene. Kor desse skiljelinjene skal gå er ikkje enkelt, og eit eksempel er Skou sjølv, som er av både tater- og vardølslekt. Er han då tater eller «norsk»? I dag vel ein m.a. i Norsk biografisk leksikon og NOU-rapporten Assimilering og motstand å kalla han tater, men i samtida blei han ikkje rekna blant taterar som tater, men som «burorat», ein av bondeblod.[3] Sjølv kalla han seg «forhenværende» omstreifar, og la vekt på at det ikkje fanst nokre omstreifarar i hans samtid som ikkje var «blanda».[4] I artikkelen vel eg å bruka den altomfattande termen omstreifar, som er den Skou nyttar når han omtalar gruppa som eit heile.

 

Når eg skriv om majoritetsbefolkninga i Norge på denne tida, vel eg på den andre sida å konsekvent omtala dei som bufaste. Det blir galt å kalla dei «nordmenn» eller «norske», då ein då impliserer at dei med reisande livsstil ikkje er norske og spelar vidare på ein tradisjon der ein med omgrepa ein nyttar har sådd tvil om eller regelrett stengt omstreifarane ute frå det nasjonale fellesskapet. Omgrepa eg har valt å bruka seier ikkje noko meir om eit menneske enn om det har ein fast heim året rundt, og dei bevegar seg dermed ikkje inn på kva for ein etnisitet hen måtte ha. Gjennom å unngå spørsmål om etnisitet håpar eg å stenga ute tankar om ein etnisk bakgrunn som determinerer kva for eit liv ein vel å leva. Eg ønsker at omgrepa reflekterer at dette ikkje er kategoriar ein nødvendigvis må vera ein del av heile livet og er fødd i og til, men at ein kan bevega seg mellom dei.

 

Om «fantesaka»

Om ein skal skjønna kva for ein debatt Skou skriv seg inn i, må ein gå tilbake til diskusjonen som raste i norsk offentlegheit knytt til folketeljinga frå 1845. I folketeljinga frå dette året blei omstreifarar for fyrste gong talde, men dei blei ikkje talde med; myndigheitene samla inn informasjon om talet på reisande og følger i eigne «fantelister», men dei blei ikkje rekna med i den totale rekneskapen og i folketalet. Ein meinte at sidan det dreidde seg om ei gruppe utan fast bustad kunne ein heller ikkje plassera dei som heimehøyrande nokon bestemt stad i Norge. Listene inneheldt ikkje berre tal på omstreifarane, men òg informasjon om reiserutene deira, om følgene hadde vekse med åra og om den moralske og fysiske tilstanden deira.[5] Desse listene blei offentleggjorde, og aviser som Morgenbladet publiserte utdrag kor privatliva til namngitte omstreifarar blei bretta ut. I utdraga blei dei skildra som ville og farlege menneske, og den særs negative merksemda som følgde førte til krav om meir politi i gatene og at gamle forordningar om straff av lausgjengarar blei høgaktuelle. Fleire kasta seg inn i debatten om korleis ein skulle løysa «fantesaka», og i 1848 leverte Stortinget eit forslag til ein eigen taterlov og grundige undersøkingar av livsvilkåra deira. Eilert Sundt fekk i denne samanhengen eit stipend til å reisa rundt i Norge for å granska og skriva om liva til omstreifarane, noko som resulterte i Fante- eller Landstrygerfolket i Norge frå 1850.[6]

 

I bygginga av ein nasjonal identitet er det viktig å definera eit nasjonalt fellesskap, eit «me», og ei slik definering fører nødvendigvis til eit «dei»

 

Kvifor var det nett i 1840- og 50-åra at interessa for omstreifarane auka og ein bestemte seg for at det var nødvendig å både telja dei og finna ei løysing på problemet ein meinte å sjå i dei? Historikar Einar Niemi peiker på nasjonalstaten for å forstå tankegodset som ligg bak «oppdaginga» av omstreifarar, jødar, samar, kvenar og skogfinnar i denne perioden. Han ser ei slik utvikling i samanheng med behovet i den ferske nasjonalstaten Norge for oversikt og kontroll over befolkninga for å sikra orden og ein integrasjon, eller rettare sagt ei assimilering, av minoritetar.[7] Assimileringspolitikk var nemleg rådande, norsk minoritetspolitikk frå 1850-åra til 1890-åra.[8] Den omfattande sosiale, juridiske og moralske kontrollen som følgde ei slik utvikling ramma spesielt nettopp minoritetar, og omstreifarane som reiste på tvers av kommune- og landegrenser blei hardt råka då levesettet deira ikkje stemde overeins med rådande nasjonalistiske ideal i samtida.[9]

 

I bygginga av ein nasjonal identitet er det viktig å definera eit nasjonalt fellesskap, eit «me», og ei slik definering fører nødvendigvis til eit «dei». «Dei» er typisk grupper i samfunnet som blir oppfatta som framande av fleirtalet, og desse gruppene har i norsk samanheng ofte vore ikkje-kvite med bakgrunn som strekker seg utover landegrenser. I skapinga av ein nasjonalstat skil ein mellom statsborgarane, «me» som har rettar og pliktar overfor staten, og «dei andre», som dermed kan bli sett på som ein trussel mot nasjonen, då dei ikkje skal høyra til eller bidra til han på same måte som «me»-et.[10] Omstreifarane blei ein del av desse suspekte gruppene det ikkje var plass til i ideen om nasjonen med ei homogen befolkning med eitt levesett, noko som òg blir synleggjort då dei som nemnt tidlegare blei talde i 1845, men ikkje talde med.

 

Vitskapelege institusjonar blei eit ledd i den nasjonsbyggande ideologien som var rådande på 1800-talet som eit reiskap for politikk og forvaltning.[11] Forskinga til Sundt blei skapt for og finansiert av myndigheitene. Ho fekk stor betyding for eit skifte frå eit syn på omstreifarane som eit kriminelt vonde ein skulle kvitta seg med gjennom forvising og fysisk utrydding, til å tenka at dei var ei gruppe ein burde hjelpa; hjelpa bestod rett nok i ei utrydding av gruppa i ein annan forstand enn den reint fysiske, nemleg tvungen assimilering som, ifølge Sundt, skulle skje i tvangsarbeidshus.[12] Informasjonen Sundt samla om omstreifarane skulle hjelpa myndigheitene i arbeidet med å skapa dei om til bufaste, då ein tenkte at om ein fekk meir kunnskap om omstreifarane kunne ein òg tilpassa lov, straff og statlege tiltak så dei råka mest mogleg effektivt. Dette blir reflektert i endringar i det norske lovverket mot slutten av 1800-talet, då ein laga fleire nye lover og paragrafar retta spesielt inn mot forskjellige grupper lovbrytarar, der lausgjengarlova frå 1900 var blant lovendringane mynta på omstreifarar.[13]

 

Ifølge idéhistorikar Espen Schaanning viser desse endringane i lovverket eit syn på lovbrytarar der det viktigaste ikkje er kva ein har gjort, men kven ein er; skulle ein sørga for at ein lovbrytar blei ein god og effektiv samfunnsborgar, måtte ein fyrst finna «diagnosen» og dermed «kuren».[14] I samband med Sundt blei det «diagnose» omstreifar og «kur» i form av «Fantefondet». I 1854 oppretta Stortinget etter anbefaling frå Sundt nemnde fond som skulle sørga for at omstreifarane fekk eit arbeid og borna deira ei, i augo til myndigheitene, skikkeleg oppseding. «Fantefondet» var inspirert av eit tilsvarande fond for samane som blei oppretta tre år tidlegare. Midla frå fondet gjekk til ulike tiltak overfor omstreifarane som direkte pengestøtte, tvangsarbeid og fosterheim for borna.[15]

 

Då Stortinget i 1869 kutta bevillingane til prosjekta til Sundt, hadde mykje av optimismen frå 1850-åra lagt seg. Resultata frå tiltaka blei ikkje så suksessfulle som ein hadde håpa på, og arbeidet Sundt hadde lagt ned i tråd med ideal frå opplysingstida om å bringa goda frå sivilisasjonen til fleire blei trekt i tvil, då sivilisasjonskritikken herja i både Norge og Europa. Ein stilte spørsmål ved om utviklinga av ein sivilisasjon nødvendigvis førte til høgare moral, betre levekår og utjamning mellom sosiale klassar. I møte med både sivilisasjonskritikken og den nye, store ideologien i samtida, sosialdarwinismen, var ideane til Sundt om framsteg, opplysing og assimilering av omstreifarane ikkje like sjølvsagde som i tiåret før. Kunne og skulle ein verkeleg hjelpa omstreifarane til å bli som me-et, eller burde ein la det selektive utvalet leia av me-et bestemma skjebnen deira?[16] I tida etter Sundt døydde i 1875, blei arbeidet til myndigheitene gjennom «fantefondet» i større grad rein pengestøtte til fattige omstreifarar. Ein brukte strengare straffer overfor omstreifarar som braut med lovverket, og dei blei i større grad klientifisert av myndigheitene og sett på som «tilfelle», det vil seia fattige og/eller forbrytarar.[17]

 

Paa Fantestien – eit innlegg i debatten

Skou blei fødd «på fantestien» i 1849 og levde eit reisande liv med familien i dei unge barndomsåra heilt til foreldra, lei av det harde livet på vegen, fekk hjelp frå ein lokal prest på Jæren til å skaffa seg eit jordstykke der dei kunne driva landbruk. Medan foreldra lærte seg å dyrka jorda blei borna plassert i fosterheimar, noko som var påbydd, då dei skulle «fornorskast» i nokre år før dei fekk komma tilbake til foreldra.[18] Det var middel frå nemnde «fantefond» som mogleggjorde deltakinga til Skou-familien i busettingsprosjekta på Jæren i 1860-åra,[19] noko som òg førte til at familien for fyrste gong blei tald med i folketeljinga frå 1865.[20] Skou gjorde det godt på skulen, stod fyrst på kyrkjegolvet under konfirmasjonen og fekk som fyrste (eks-)omstreifar lærareksamen.[21] Etter eksamen arbeidde han som lærar i sju år, før han gifta seg med ei omstreifarkvinne, la frå seg lærarvirket og byrja eit reisande liv med ho. Sidan skulle han veksla fleire gonger mellom fast bustad og livet på vegen. Det er den spesielle livshistoria hans, som han òg skriv mykje om i boka, som skil Paa Fantestien frå andre innlegg i den langtrekte debatten om «fantesaka». Han meiner den mangslungne livserfaringa hans gir ein unik innsikt i korleis myndigheitene bør behandla omstreifarane, og denne kunnskapen er det han vil formidla i boka. Ho blir i så måte ein miks av sjølvbiografi og politisk skriv, der dei personlege opplevingane til Skou heile tida er med og underbygger dei politiske tiltaka hans.

 

Skou har eit kritisk blikk på det politiske prosjektet til Sundt og hevdar i Paa Fantestien at om ein ser nærare på arbeidet hans, «finder man straks væsentlige Mangler ved dette Arbeide.»[22] I brev til forfattaren Arne Garborg, ein barndomsven, skriv Skou fleire år seinare om Paa Fantestien som «en forbedret fortsættelse af Banebrytteren Eilert Sundts Arbeide for Omstreiferfolket» og meiner «civillationsarbeidet for Omstreifere – vilde vundet mere Forstaaelse og Interesse, blandt dette Folk om den var gjennomført nogenlunde slig – jeg søgte at forklare dere».[23] Skou anerkjenner Sundt som ein banebrytar innanfor feltet, men ser arbeidet sitt som eit alternativ som hadde vunne større tillit blant omstreifarane. Han skriv seg dermed inn som ein som ikkje berre forsøkte å løfta opp og fortsetta arbeidet Sundt sette i gang i 1850-åra, men som òg meinte han forbetra det. Skou ser ikkje seg sjølv som einsam føregangsmann, men som eit neste ledd i eit stort «sivilisasjonsarbeid» som allereie er satt i gang.

 

«... ogsaa Omstreiferne har krav paa lidt Menneskekjærlighed.»

Då Skou la ut på fantestien igjen i vaksen alder, meinte han å spora ei forandring blant både omstreifarane og den bufaste befolkninga. Den gamle munterheita blant omstreifarane var borte og ansikta deira bar preg av djup liding og melankoli, medan dei bufaste møtte dei med ei framferd Skou ikkje kunne hugsa frå barndommen;

 

Hvor vi reiste og hvor vi kom hørtes kun Jammerklage fra Folk over Omstreifernes liderlige Liv, deres Betleri, Urenslighed og Tyveri. ... De spiste Folk fra Gaard og Grund, og hvad de ikke fik, det stjal de. Man havde gjentagende klaget til Storthinget og skrevet i Aviserne, intet hjalp; at straffe dem for Betleri nyttede ikke, – de kom igjen mere graadige end nogensinde.[24]

 

 

Skou skildrar ein situasjon der den bufaste befolkninga i større grad enn tidlegare ergrar seg over omstreifarane og beskriv dei i særs negative ordelag, for så å oppleva at trass i eit sterkt engasjement for å bli kvitt plaga dei representerte ikkje ser noka løysing på ho. Harmen får Skou merka på kroppen då han høyrer klager over kor skitne og tjuvaktige dei er, men òg blikka til dei bufaste aleine er meir enn nok for å forstå at han ikkje er velkommen: «... jeg saa paa Folks Blikke, naar vi kom til Gaardene, hvordan de løb hid og did, betragtende os, som om vi var nogle underlige Dyr, ganske anderledes end andre Skabninger ...»[25] Skou opplevde å bli sett på som eit dyr, og om dei fekk komma inn i huset la han merke til at rørslene deira blei følgde nøye med på som om dei var tjuvar.[26] Hets og mistenksame blikk er vondt, men hatet for omstreifarane fekk andre og meir alvorlege konsekvensar. Eit eksempel Skou trekk fram er korleis høggravide omstreifarkvinner blei skyssa frå gard til gard i eit høgt tempo vinterstid, for ingen bonde ville la dei føda hos dei. Å måtte slita seg gjennom kulda var livsfarleg og kunne føra til at ein fraus i hel.[27] Eit anna utslag var korleis norsk lov behandla omstreifarar og bufaste forskjellig. Skou hugsar då han som barn såg ei gravid omstreifarkvinne bli skamslått av mannen sin på høglys dag og på open gate, og korleis han forundra merka at ingen greip inn for å stansa mishandlinga.[28] Seinare i livet har han hatt fleire slike opplevingar, og Skou konstaterer at «Fantefolk kan straffes af den norske Lovgivning for Overtrædelse mod Samfundet eller den enkelte, men de nyder ingen Beskyttelse fra Lovgivningens Side.»[29]

 

Skou meiner dei bufaste har møtt omstreifarane med ei oppførsel «kold og hard som Nordens barske Vinde,»[30] og argumenterer for at omstreifarane òg er menneske og derfor må bli omfatta av den kristne nestekjærleiken: «ogsaa Omstreiferne har krav paa lidt Menneskekjærlighed.»[31] Å skulle argumentera for og minna om at omstreifarar verkeleg er menneske kan verka absurd i dag, men i samtida til Skou var dette blodig alvor. Behandlinga ein møtte frå majoritetsbefolkninga kunne vera såpass grufull, at Skou var glad hans fyrstefødde barn slapp: «Vort første Barn, en Pige paa 17 Uger, døde. Jeg var næsten glad, at Herren havde befriet os fra at opdrage barnet i dette Hedningeliv.»[32]

 

Om ein hamnar innanfor gruppa non-human eller eksisterer i gråsona mellom menneske og ikkje-menneske, kan ein bli behandla av medlem av gruppa «menneske» på måtar dei aldri ville behandla nokon frå si eiga gruppe.

 

Om det finst ei gruppe skapningar med merkelappen menneske, må det nødvendigvis òg vera nokon utanfor merkelappen. Ideen om gruppa menneske blir forma og oppretthalde overfor og mot dei som hamnar utanfor gruppa, som med orda til filosofen Judith Butler blir «a figure of the non-human that negatively determines and potentially unsettles the recognizably human.»[33] Om ein hamnar innanfor gruppa non-human eller eksisterer i gråsona mellom menneske og ikkje-menneske, kan ein bli behandla av medlem av gruppa «menneske» på måtar dei aldri ville behandla nokon frå si eiga gruppe, t.d. kan ein sitta igjen med eit mykje dårlegare rettsvern eller ikkje noko i det heile. Ein blir kva filosof David Livingstone Smith kallar subhuman, ein skapning som skal mangla noko essensielt som gjer ein til «menneske» og derfor ikkje har krav på same respekt som «menneske» viser og forventar av kvarandre.[34] Å førestilla seg eit medmenneske som ein skapning som er noko mindre og lågareståande enn menneske blir kalla dehumanisering.[35]

 

«Dei» innehar eigenskapar ein ikkje finn i si eiga gruppe, og «dei» blir dermed alt ein i eigne augo ikkje er.[36] Stereotypiar blir nemleg skapte i tandem og er delt av ein dikotomi.[37] Om ein finn ein stereotypi om at omstreifarane er tjuvsame, følger det ein stereotypi om at bufaste i motsetnad til omstreifarane er lovlydige. Desse førestillingane opptrer i par, og dei deler grupper inn i positive og negative avspeglingar av kvarandre, der «me-et», som i ein nasjon ofte tilhøyrer majoriteten, skapar seg ei verd der dei blir skinnande og gode når dei speglar seg i eit framand og fælt «dei». Dette kjem til uttrykk hjå Sundt, då han i Fante- eller Landstrygerfolket i Norge beskriv omstreifarane:

 

Et Vrængebillede af et Folk, hvor alt det, som ellers hører til et Folk, var sat sammen i en omvendt Orden ... hvis Forstand og Sindighed var fornedret til Rævelist og Slangelumskhed, og i hvis Hjerte selv den religiøse Evne, Samvittigheden, syntes druknet i dyrisk Sanselighed.[38]

 

 

Omstreifarane er i augo til Sundt såpass forskjellige frå majoritetsbefolkninga at dei er eit negativt vrengebilde på ho og fungerer som «levende Billeder paa al den Elendighed, al den Synd og Nød, som kan sammenhobe sig i et Menneskes Liv.»[39] Der «me-et» er kloke, ærlege, samvitsfulle og gode, er «dei» slu, lumske, dyriske og vonde.

 

Kvifor «dei andre» blir skapt til noko ubehageleg, finn Butler svar på i at ein stemplar «dei andre», som Butler kallar «a host of not-me’s» med dei eigenskapane ein ikkje vil vedkjenna seg.[40] Alt det fæle ein finn hos seg sjølv som ein skulle ønska ein ikkje fann, blir projisert over på «dei andre» som blir representantar for alt ein ikkje vil vera. For Butler blir dermed ulikskapar ein meiner å finna ikkje berre føresetnadar for danninga av ein identitet, men meir fundamentalt enn identitet sjølv.[41] «Dei andre» blir ein tenkt storleik fylt av noko tilsynelatande heilt anna enn ein sjølv og kan behandlast deretter, noko Skou kjenner på kroppen når han entrar garden som eit dyr og ein tjuv.

 

Å vinna menneskeverdet

Skulle omstreifarane oppnå likeverd og sleppa å bli stilt på botnen av samfunnsstigen, ser ikkje Skou anna løysing enn at dei må bli «bragt ind under Kristendommens og Civilisationens Paavirkning». Med andre ord skulle dei la seg assimilerast og bli ein del av majoriteten.[42] Å vera subhuman er å bli plassert på eit lågare nivå enn «me»-et innanfor værenskjeda, og å vera bufast og kristen var to viktige kriterium om ein skulle klatra oppover nemnde kjede på 1800-talet.[43] Skou definerer heidning som ein person som ikkje er døypt og heller ikkje kan lesa, og ifølge eigne berekningar anslår han at minst 2/3 delar av norske omstreifarar høyrer inn under denne kategorien.[44] Han meiner ein har eit heilagt krav om å la omstreifarane ta del i kyrkja og staten, og peiker på at tida er moden for å gjera ein innsats for «en Missionsmark, som ligger upløiet» innanfor eigne landegrenser.[45]

 

Som oftast tenker ein seg at å vera subhuman er ein permanent tilstand, men ein finn unntak innanfor nokre religionar, blant dei kristendommen. Slik vin og brød under nattverden blir Jesu lekam og blod, kan òg subhumans gjennom frelse bli fullverdige menneske. Ein ser ikkje nokon ytre endringar etter omskapinga, men sjølve kjernen, essensen, har blitt forandra.[46] Skou har trua på at omstreifarane kan bli frelste, men problemet er at kristendommen ikkje har nådd dei: «Ingen Forædling, Civilisation eller Kristendom naar ned til dem i dette Lasternes Dyb. Deres Liv er et umaateligt Lidelsesliv.»[47] Omstreifarane må bli dratt opp frå eit botnlaust djup, og det er «Kristensind og Menneskekjærlighed»[48] som kan løfta dei opp. Gode kristne må fyrst dra dei opp frå den materielle nøda, for så å innlemma dei i det kristne fellesskapet.

 

«... en Skræk og Plage for hele Nationen.»

Samstundes som Skou peiker på korleis omstreifarane blei utsette for «Aarhundreders barbariske Undertrykkelse, Forfølgelse og Foragt»,[49] omtalar han sjølv omstreifarane som:

 

... et unyttigt Folk som Samfundsborgere; Fanterne opholdes kun af Barmhjertighedsgaver fra det norske Folk, og de har endvidere ved sit vederstyggelige Liv gjort sig ufortjente til Imødekommenhed og Opofrelse, megetmere har de i Aarhundreders Løb været en Skræk og Plage for hele Nationen.[50]

 

Tidlegare i artikkelen har me lese korleis Skou gir att spott frå dei bufaste han møter om kor fæle omstreifarane er til å eta folk frå gard og grunn, men her speler han på dei same stereotypiane om den grådige og snyltande omstreifaren, og ikkje minst legg han skylda for undertrykkinga omstreifarane møter på deira eigen oppførsel, som ifølge han har gjort at dei ikkje fortener å bli møtt av imøtekomande bufaste. I avsnittet før Skou peikar på ein barbarisk forakt, beskriv han endåtil sjølv omstreifarane gjennom ein sjukdomsmetafor: «Altfor længe har Tater- og Omstreifer-Uvæsenet, som en ondartet Byld, tæret på Samfundslegemet og kastet sine mørke Skygger over Kulturudviklingens Blade.»[51] Det er typisk å skildra subhumans som sjuke, berarar av sjukdom eller ein sjukdom i seg sjølv. Ein slik språkbruk om menneske kan vera med på å rettferdiggjera tiltak som skal sørga for at ein blir kvitt dei, då sjukdom sjølvsagt ikkje er noko ein ønsker seg, men heller noko ein vil bli kvitt.[52] Ein vondarta byll som tærer på «Samfundslegemet» må ein fjerna, om ikkje vil han spreia seg og svekka lekamen.

 

Dei livskraftige og sunne delane av menneskeslekta skulle dyrkast fram, medan dei sjukelege og svake skulle lukast ut gjennom å heila, nøytralisera, uskadeleggjera eller fjerna dei

 

Ein slik tankegang minner om det sosialhygieniske prosjektet om å reinska vekk dei «forderva elementa» i samfunnet, eit prosjekt som i andre halvdel av 1800-talet gjorde sosialhygiene til ein dominerande idé om korleis ein skulle skapa eit godt samfunn. Prosjektet var tett knytt til forskjellige typar sosialdarwinisme, då ein tenkte seg at den biologiske utviklinga til menneskerasen måtte forvaltast og regulerast. Dei livskraftige og sunne delane av menneskeslekta skulle dyrkast fram, medan dei sjukelege og svake skulle lukast ut gjennom å heila, nøytralisera, uskadeleggjera eller fjerna dei. Ein meinte at dette var i tråd med den naturlege utviklinga til samfunnet, og oppgåva til sosialhygienen var å sørga for at denne utviklinga faktisk fann stad.[53] Desse ideane slo rot i Norge, noko som blir reflektert m.a. i tvangssteriliseringa av taterar på 1900-talet.[54] Ein kan sjølvsagt ikkje sette slike hendingar i eit direkte årsaksforhold til metaforbruken til Skou, men bilda og språket han vel å bruka reflekterer dette dehumaniserande tankegodset som var dominerande i tenkinga kring omstreifarar i samtida hans.

 

Å ikkje vera anten – eller

Det er vanskeleg å forstå korleis Skou i den eine augneblinken fordømmer omstreifarane på det grovaste, for så å sjølv ta parti med dei mot den massive undertrykkinga dei opplever frå majoriteten. Denne ambivalensen skin gjennom i heile boka, og speglast òg i refleksjonane han knyter til si eiga livsforteljing, spesielt valet han tok i vaksen alder om å venda tilbake til eit reisande liv, trass i ønska frå «Samfundet, mine Velgjørere og min Gud». I ettertid blei livet «en knusende haabløs Anger, fuldt af pinende Selvbebreidelse», og han meinte «at denne Smerte først vil ophøre, naar mit Støv lægges i sin Grav.»[55] Skamma kjem til overflata; korleis kunne han, som hadde fått seg flott utdanning og vore eit eksempel på kor vellykka assimileringa kunne vera, likevel velja bort livet «alle» ønskte for han?

 

Grublerier om dette gjer at Skou trekk fram ein episode frå då han var i fosterfamilie. Kvar gong han som barn braut med korleis dei ønskte han skulle oppføra seg, sa dei: «Me kan inkje bere venta af Fantonjen, Fant er Fant, om du lae han paa eit Sølvfad.»[56] Ein kan ikkje venta seg betre av eit born av omstreifarar, for fant er fant, uansett kva ein måtte gjera; å vera omstreifar med tilhøyrande stereotypiar er i eit essensialistisk verdsbilde ikkje noko du kan sleppa unna, men noko som renn i sjølve blodet ditt. Orda såra han djupt som barn, og som vaksen piner dei han enno. Fosterforeldra lærte han ein «Ulyst til Reiselivet» og å «affsky Fantefolkets Laster og Raahed,».[57] men samstundes opplevde han eit press frå omstreifarar han hadde vakse opp med om å legga frå seg det bufaste livet; då han i ein periode arbeidde på støyperi i Stavanger kom fleire av dei innom, spurte om han no ville bli rik og håna han for å ha forlate livet han blei fødd til.[58]

 

Skou enda opp med å stå i klinsj mellom dei bufaste og omstreifarane, og var ikkje heilt heime nokon stad; det var vanskeleg å skulle leva med andre omstreifarar då han i fosterfamilien hadde lært om kor syndefulle liva dei levde var, medan han på den andre sida kunne oppleva hets frå bufaste om dei fekk greie på bakgrunnen hans. Å ikkje føla seg heime nokon stad og oppleva vonde ord uansett kva for eit liv du måtte velja, er god grobotn for skam.

 

Konklusjon

Paa Fantestien er skriven i eit samansett 1800-tals Norge prega av både kristen tru på ei frelse som omfattar alle menneske og sosialdarwinistisk tankegods. Skou måtte navigera mellom førestillingar om omstreifarar som må løftast opp av me-et, frelsast og assimilerast og tankar kring sosialhygiene og omstreifarar som uforanderlege kjeltringar. Desse motstridande idéstrømmingane pregar boka, som sjølv er både samansett og innimellom sjølvmotseiande. Boka reflekterer eit innfløkt forhold til «fantesaka»; eit forhold prega av både levd liv og eit press utanfrå, både frå andre omstreifarar om å bli ved å vera reisande, og velgjerarane hans og storsamfunnet som ønskte at han skulle leva eit bufast liv. Både Skou og boka er kompliserte saker, og det blir usant og urettferdig å dra ein reinspikka fridomsforkjempar eller ein svartmålande minoritetshatar ut av boka. Han både peiker på og krev ein slutt på urett mot omstreifarane, samstundes som han beskriv dei som unyttige samfunnsborgarar og ei plage; ei gruppe hefta med eigenskapar som gjer dei til ein fæl byrde for resten av befolkninga, men som òg er prega av å ha blitt utsett for barbarisk undertrykking, har krav på menneskekjærleik og å bli ein del av majoriteten gjennom å gå opp i han.

 

 

Sluttnoter


[1] Skou, Martin J. Mathiassen Paa Fantestien: Oplevelser og Erindinger fra Omstreiferlivet tilligemed en Skildring av Taterfolkets Liv, Sæder og Skikke ved Martin J. Mathiassen Skou; med Forord af Prost J. Knudsen. Kristiania: P. T. Mallings Boghandels Forlag, 1893. s. 53

[2] Skou, Paa Fantestien s. 94

[3] Norsk biografisk leksikon, s.v. «Johan Skou» 4.5.2019 https://nbl.snl.no/Johan_Skou: Nordvik, Ragnhild. «Vedlegg 11: Barnevern og tatere/romanifolk på 1900-tallet» I Vedlegg til

NOU 2015:7: Assimilering og motstand: Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Redigert av Nikolai Brandal og Ingvill Thorson Plesner, 324-375. Regjeringen.no, (2.5.2019). https://www.regjeringen.no/contentassets/4298afb537254b48a6d350dba871d4ce/no/sved/vedlegg_assimilering.pdf s. 339: Skou, Paa Fantestien s. 56

[4] Skou, Paa Fantestien s. 58

[5] Gotaas, Thor. «’For øvrig ikke medregnet’: tellingen av tatere på 1800-tallet» s. 71-85 i Soltvedt, Kjartan. Folketellinger gjennom 200 år. Oslo: Statistisk sentralbyrå, 2004. s. 71-72 og 74

[6] Niemi, Einar. «Taterne – i forskingens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 147-174 i Kjeldstadli, Knut (red.) I nasjonalstatens tid, 1814-1940. Oslo: Pax forlag, 2003. s. 167-168

[7] Niemi, «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 148

[8] Brustad, Jan A. S., Lars Lien, Maria Rosvoll og Carl Emil Vogt. Et uønsket folk: Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom 1915-1956. Oslo: Cappelen Damm, 2017. s. 58

[9] Brustad m. fl., Et uønsket folk s. 32

[10] Ytrehus, Line Alice. «Innledning: Forestillinger om ‘den andre’» s. 10-19 i Ytrehus, Line Alice (red.) Forestillinger om «den andre»: Images of Otherness. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001. s. 17-18

[11] Niemi, «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 148

[12] Niemi, «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 147: Brustad m. fl., Et uønsket folk s. 19-20

[13] Schaanning, Espen. «Ondskapens medikalisering» Arr: Idéhistorisk tidsskrift 18, nr. 4 (2006): 27-41. s. 34: Kjeldstadli, Knut. «Kan fremmede egentlig bli nordmenn?» I I nasjonalstatens tid, 1814-1940. Redigert av Knut Kjeldstadli, 432-460. Oslo: Pax forlag, 2003. s. 450

[14] Schaanning, «Ondskapens medikalisering» s. 34

[15] Brustad m. fl., Et uønsket folk s. 20

[16] Niemi, «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 173

[17] Niemi, «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» s. 174

[18] Gotaas, Taterne s. 158-159

[19] Totland, Marit Elisebet. Garborg og Skou: forskjell på folk? Sandnes: Commentum Forlag, 2014. s. 37-40

[20] Totland, Garborg og Skou s. 113

[21] Skou, Paa Fantestien s. 28-30 og Gotaas, Taterne s. 160

[22] Skou, Paa Fantestien s. 96

[23] Skou, Martin J. Mathiassen. Brev til Arne Garborg, 5.2.1917. Brevs. 140. Nasjonalbiblioteket, Handskriftsamlinga.

[24] Skou, Paa Fantestien s. 41

[25] Skou Paa Fantestien, s. 32

[26] Skou Paa Fantestien, s. 32-33

[27] Skou, Paa Fantestien s. 85

[28] Skou, Paa Fantestien s. 10-11

[29] Skou, Paa Fantestien s. 11

[30] Skou, Paa Fantestien s. 86

[31] Skou, Paa Fantestien s. 85

[32] Skou, Paa Fantestien s. 41

[33] Butler, Judith. «Torture and the Ethics of Photography: Thinking with Sontag» I Frames of War: When Is Life Grievable? Redigert av Judith Butler, 63-100. London: Verso, 2016. s. 64

[34] Smith, David Livingstone. Less than human: why we demean, enslave and exterminate others. New York: St. Martin’s Press, 2011. s. 2 og 101

[35] Smith, Less than human s. 26

[36] Hylland Eriksen, Thomas. Ethnicity and Nationalism: Anthropological perspectives. Third Edition. London: Pluto Press, 2010. s. 14

[37] Sandset, Tony. «Color As Matter: A Different Deployment of Color» i Ethnologica Scandinavica: A Journal for Nordic Ethnology Volume 44 (2014): s. 7-22. s. 9

[38] Sundt, Eilert. Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge: Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde af Eilert Sundt. Kristiania: Abelsted, 1852. s. 55

[39] Sundt, Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge s. 362

[40] Butler, Judith «Non-Thinking in the Name of the Normative» s. 137-163 i Butler, Judith Frames of War: When Is Life Grievable? London: Verso, 2016 Butler, s. 141

[41] Butler, «Non-Thinking in the Name of the Normative» s. 141-142

[42] Skou, Paa Fantestien s. 55

[43] Smith, Less than human s. 158

[44] Skou, Paa Fantestien s. 98

[45] Skou, Paa Fantestien s. 98

[46] Smith, Less than human s. 159

[47] Skou, Paa Fantestien s. 55

[48] Skou, Paa Fantestien s. 82

[49] Skou, Paa Fantestien s. 51

[50] Skou, Paa Fantestien s. 55

[51] Skou, Paa Fantestien s. 50

[52] Smith, Less than human s. 158

[53] Schaanning, Espen. Kampen om den forbryterske sjel: Kriminal-filosofiske vitenstrekk. Oslo: Akademika forlag, 2013. s. 45

[54] Haave, Per. «Vedlegg 18: Sterilisering av kvinner fra Svanviken arbeidskoloni (1949-1970)» s. 545-554 i Brandal, Nikolai og Ingvill Thorson Plesner (red.) Vedlegg til NOU 2015:7: Assimilering og motstand: Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag Regjeringen.no, (2.5.2019). https://www.regjeringen.no/contentassets/4298afb537254b48a6d350dba871d4ce/no/sved/vedlegg_assimilering.pdf s. 553

[55] Skou, Paa Fantestien s. 31

[56] Skou, Paa Fantestien s. 23

[57] Skou, Paa Fantestien s. 23

[58] Skou, Paa Fantestien s. 43

 

Litteraturliste

Brustad, Jan A. S., Lars Lien, Maria Rosvoll og Carl Emil Vogt. Et uønsket folk: Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom 1915-1956. Oslo: Cappelen Damm, 2017.

Butler, Judith. «Non-Thinking in the Name of the Normative». I Frames of War: When Is Life Grievable? Redigert av Judith Butler, 137-163. London: Verso, 2016.

Butler, Judith. «Torture and the Ethics of Photography: Thinking with Sontag» I Frames of War: When Is Life Grievable? Redigert av Judith Butler, 63-100. London: Verso, 2016.

Gotaas, Thor. «’For øvrig ikke medregnet’: tellingen av tatere på 1800-tallet» IFolketellinger gjennom 200 år. Redigert av Kjartan Soltvedt, 71-85. Oslo: Statistisk sentralbyrå, 2004.

Gotaas, Thor. Taterne: livskampen og eventyret. Oslo: Andresen & Butenschøn, 2007.

Haave, Per. «Vedlegg 18: Sterilisering av kvinner fra Svanviken arbeidskoloni (1949-1970)»I Vedlegg til NOU 2015:7: Assimilering og motstand: Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Redigert av Nikolai Brandal og Ingvill Thorson Plesner, 545-554. Regjeringen.no, 2.5.2019. https://www.regjeringen.no/contentassets/4298afb537254b48a6d350dba871d4ce/no/sved/vedlegg_assimilering.pdf

Hylland Eriksen, Thomas. Ethnicity and Nationalism: Anthropological perspectives. Third Edition. London: Pluto Press, 2010.

Kjeldstadli, Knut. «Kan fremmede egentlig bli nordmenn?» I I nasjonalstatens tid, 1814-1940. Redigert av Knut Kjeldstadli, 432-460. Oslo: Pax forlag, 2003.

Niemi, Einar. «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» I I nasjonalstatens tid, 1814-1940. Redigert av Knut Kjeldstadli, 147-174. Oslo: Pax forlag, 2003.

Nordvik, Ragnhild. «Vedlegg 11: Barnevern og tatere/romanifolk på 1900-tallet» I Vedlegg til NOU 2015:7: Assimilering og motstand: Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Redigert av Nikolai Brandal og Ingvill Thorson Plesner, 324-375. Regjeringen.no, 2.5.2019. https://www.regjeringen.no/contentassets/4298afb537254b48a6d350dba871d4ce/no/sved/vedlegg_assimilering.pdf

Norsk biografisk leksikon, s.v. «Johan Skou». 4.5.2019. https://nbl.snl.no/Johan_Skou

Sandset, Tony. «Color As Matter: A Different Deployment of Color» i  Ethnologica Scandinavica: A Journal for Nordic Ethnology Volume 44 (2014): s. 7-22.

Schaanning, Espen. Kampen om den forbryterske sjel: Kriminal-filosofiske vitenstrekk. Oslo: Akademika forlag, 2013.

Schaanning, Espen. «Ondskapens medikalisering» Arr: Idéhistorisk tidsskrift 18, nr. 4 (2006): 27-41.

Skou, Martin J. Mathiassen. Brev til Arne Garborg, 5.2.1917. Brevs. 140. Nasjonalbiblioteket, Handskriftsamlinga.

Skou, Martin J. Mathiassen. Paa Fantestien: Oplevelser og Erindinger fra Omstreiferlivet tilligemed en Skildring av Taterfolkets Liv, Sæder og Skikke ved Martin J. Mathiassen Skou; med Forord af Prost J. Knudsen. Kristiania: P. T. Mallings Boghandels Forlag, 1893.

Smith, David Livingstone. Less than human: why we demean, enslave, and exterminate others. New York: St. Martin’s Press, 2011.

Sundt, Eilert. Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge: Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde af Eilert Sundt. Kristiania: Abelsted, 1852.

Ytrehus, Line Alice. «Innledning: Forestillinger om ’den andre’» I Forestillinger om ”den andre”: Images of Otherness. Redigert av Line Alice Ytrehus, 10-19. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001.

Av Idunn Victoria Skjæveland (masterstudent i europeisk kultur ved Universitetet i Oslo)
Publisert 9. mars 2020 12:24 - Sist endret 12. mars 2020 14:27