Makt, vitskap og globalhistorie

I denne teksten utforskar Leidulf Melve korleis globalhistorie vaks frem som ein kritikk mot den nasjons-sentrerte historistiske skulen. Samstundes viser han at globalhistorie langt på veg er formulert innafor den same eurosentriske ramma som historismen, om enn i eit anna lys.

Terra Australis Incognita, verdenskart fra 1600-tallet. (Joducus Hondius (1563-1612)

Ein kort historiografi: framveksten av globalhistorie

«History is a science, no less and no more».[1] Alt var enklare før i tida. I alle fall for Cambridge-professoren John Bagnell Bury, som i 1902 stod bak denne utsegna. Eit slikt syn på historie, om enn noko spissformulert, var knapt oppsiktsvekkjande i ei tid der historie blei sett på som ein vitskap på line med naturvitskapane. Vitskapssynet, gjerne kalla historismen, var grunnleggjande prega av at ei endeleg sanning om fortida kunne etablerast. Det hadde ei enorm gjennomslagskraft.[2] Gjennomslagskrafta hang saman med at 1800-talet var hundreåret då historie gjekk frå å vere ein laust organisert aktivitet for lærde lekmenn til å bli eit etter måten stort fag ved europeiske universitet. Om blikket blir løfta ytterlegare, er det vidare eit viktig poeng at 1800-talet var nasjonalismens store hundreår; historiefaget blei, i større eller mindre grad, ein premissleverandør for nasjonens historiske legitimitet – kanskje best uttrykt i dei bandsterke nasjonalhistoriene som blei produserte i stort omfang i Europa. Denne pakka, eit vitskapssyn, ein institusjonell struktur og eit ideologisk siktemål, fekk eit globalt nedslagsfelt i løpet av 1900-talet. Frå sitt utgangspunkt i Tyskland midt på 1800-talet, gjekk turen først til resten av Europa og USA på siste del av hundreåret, før Latin-Amerika, deler av Midtausten og Asia stod for tur på byrjinga av 1900-talet. Det afrikanske kontinentet blei erobra etter andre verdskrig – i kjølvatnet av avkoloniseringa.[3]

Det er i eit slikt landskap at globalhistorie etablerte seg som eit forskingsfelt. Frå 1960-talet og frametter definerte globalhistorie seg som eit felt som ønska å utvide rammene for ei historieskriving som, noko forenkla, opererte innanfor historismens rammer.[4] I første omgang var det dei geografiske rammene som blei utvida, i all hovudsak ved at nasjonen som undersøkingseining blei erstatta med større einingar – slik som sivilisasjonar og kulturområde. I neste omgang blei kronologiske rammer utfordra, særleg ved at den tidlegaste historia blei via ny merksemd. I si mest ekstreme form, den såkalla «Big History», er siktemålet å føre den historiske etterrøkinga attende til Big Bang.[5] Ei tredje utviding av historismen var av teoretisk og metodisk art: ei tilnærming der skriftlege kjelder og systematisk kjeldekritikk borga for historieskrivingas vitskaplege signatur blei, om ikkje lagt til side, i alle høve utvida gjennom nye kjeldetypar og metodar. Av desse er arkeologiske kjelder dei viktigaste, men det tverrfaglege innslaget som kjenneteiknar globalhistorie har òg brakt feltet i dialog med naturvitskap og med dette eit heilt nytt arsenal av metodar.

Frå 1960-talet og frametter definerte globalhistorie seg som eit felt som ønska å utvide rammene for ei historieskriving som, noko forenkla, opererte innanfor historismens rammer.

Historisme og globalhistorie

Ei slik skisse av utviklinga av globalhistorie sidan 1960-talet kan tyde på at feltet har skipla det historistiske historiesynet på ei rekkje grunnleggjande måtar. Diskusjonar, særleg frå 1990-talet, der representantar for globalhistorie tidvis markerte distanse til tradisjonell historieskriving, styrkar dette inntrykket. Globalhistorie har utvilsamt utvida rammene for historieskriving, geografisk, kronologisk så vel som teoretisk og metodisk. I så måte har globalhistorie forsøkt å erstatte ei historieskriving som krinsa kring nasjonen og var tufta på skriftlege kjelder handsama ved bruk av systematisk kjeldekritikk med ei historieskriving som både er meir mangfaldig og meir eklektisk. Ikkje sjeldan har representantar for globalhistoriske tilnærmingar sett fram det globalhistoriske prosjektet som klart artikulert maktkritikk. Tittelen på antropologen Eric R. Wolfs viktige bok frå 1982, Europe and the People without History, tilkjennegjev eit åtak på tradisjonell historieskriving som vurderte «folket» både som historielause og som irrelevante aktørar: «We can no longer be content with writing only the history of victorious elites, or worth detailing the subjugation of dominated ethnic groups».[6] Wolf slåss slett ikkje med stråmenn; i eit radiointervju i 1963, kom den respekterte Oxford-professoren Hugh Trevor-Roper i skade for å hevde at det ikkje fanst noko anna enn mørke i Afrika før europearanes inntog: «Perhaps in the future there will be some African history to teach. But at present there is none; only the history of Europeans in Africa. The rest is darkness.»[7]

 Berre unnataksvis, som i møtet med den indiske Subaltern Studies, har globalhistorie som eit forskingsfelt tatt form gjennom dialog med ikkje-europeisk historieskriving.

   Trevor-Ropers syn på afrikansk historieskriving kan kanskje forklarast med at den distingverte Oxford-professoren ikkje visste kva han snakka om, men utsegna må òg forståast i ljos av eit distinkt historiesyn, historismen. Wolfs svar må like fullt vurderast i ljos av den globalhistoriske utvidinga av kva som skal reknast som legitim historieskriving. Om skissa så langt kan gje inntrykk av globalhistorie som eit frigjeringsprosjekt, stemmer ikkje dette. Globalhistorie har, som sagt, utvida rammene for historieskriving, men det har feltet gjort ved å gå i dialog med europeisk historieskriving. Det er med andre ord trekk ved historismen som har danna utgangspunktet for det globalhistoriske prosjektet. Berre unnataksvis, som i møtet med den indiske Subaltern Studies, har globalhistorie som eit forskingsfelt tatt form gjennom dialog med ikkje-europeisk historieskriving.[8] I så måte er globalhistorie eit nesten like europeisk prosjekt som historismen. I dette ligg det eit aldri så lite paradoks: globalhistorie har ikkje har lykkast med å fri seg frå den eurosentrismen som feltet lenge har kritisert tradisjonell historieskriving for å ha – dominert som historismen er av nasjonen som undersøkingseining.

 

Globalhistorie som eurosentrisk prosjekt?

Kva inneber det at globalhistorie er eurosentrisk? For det første, eit blikk på dei emna som moderne globalhistorie har via merksemd er med få unnatak nær knytt til den europeiske sivilisasjonen. Mykje har dreidd seg om økonomisk historie, gjerne knytt til framveksten av ei kapitalistisk verdsordning. Særleg gjeld dette for den første generasjonen med globalhistorikarar, dei som skreiv sine viktige arbeid på 1960- og 1970-talet. Somme, slik som Immanuel Wallerstein, handsama globale økonomiske nettverk, verdssystem, i ljos av marxistisk tankegods. Wallerstein, og fleire med han, la ikkje skjul på at forskingsspørsmåla – i dette høvet global ulikskap – var rotfesta i at Europa (og USA) var faneberarar for den utvikla kapitalistiske verdsordenen: «What I am arguing rather is that capitalism as an economic mode is based on the fact that the economic factors operate within an area larger than that which any political entity can totally control.»[9]

For seinare globalhistorikarar med interesse for det økonomiske, er det særleg spørsmålet om den industrielle revolusjonen og kvifor den fann stad i Europa, i England, og ikkje i Kina, som har fanga interesse. Ramma for denne diskusjonen, på andre halvdel av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet, var i mindre grad marxistisk, samstundes som den òg var meir symmetrisk i orientering. Der Wallerstein hadde avgrensa kunnskap om fleire av dei geografiske område han handsama – og i all hovudsak baserte seg på sekundærlitteratur – opererer undersøkingane tjue år etter innanfor ein langt meir stringent komparativ logikk – ofte tufta på primærkjelder. Det blir òg reflektert meir over erkjenningsteoretiske utgangspunkt, sjølv om det ikkje alltid er eit like godt samsvar mellom kva som blir hevda i føreord og det som blir presentert i sjølve undersøkinga. Andre Gunder Frank, til dømes, set prosjektet fram på denne måten: «In this book (ReOrient. Global Economy in the Asian Age) I turn received Eurocentric historiography and social theory upside down by using a ‘globological’ perspective...»[10] Franks refleksjonar kjem knapt overraskande, i kraft av at den same perioden – siste del av 1990-talet og 2000-talet – romma ein diskusjon som nettopp problematiserte det erkjenningsteoretiske utgangspunktet med Europa i sentrum.[11]

Medan eg skal vende tilbake til denne diskusjonen – og særleg til spørsmålet om kva diskusjonen resulterte i – er det på sin plass å presentere den andre grunnen til at globalhistorie er eurosentrisk. Alle globalhistorikarane som er nemnt så langt – frå Eric Wolf til Frank – er djupt rotfesta i angloamerikanske forskingsmiljø. Det skal rett nok seiast at globalhistorie som eit globalt forskingsfelt har fått noko betre utbreiing sidan byrjinga av 2000-talet. Likevel er det umogeleg å hevda at globalhistorie har same oppslutnad i ikkje-europeiske kontekstar som det har i angloamerikanske forskingsmiljø. Det finst viktige, men knapt dominerande miljø i Kina og India, medan globalhistorie er eit heilt marginalt fenomen i Afrika og Latin-Amerika. Ei forklaring på globalhistorias manglande globale gjennomslagskraft har å gjere med at feltet vaks fram som ein reaksjon på historismen – den grunnleggjande angloamerikanske historiefilosofien frå 1850-talet og frametter. Endå viktigare er, som eg allereie har vore inne på, posisjonen nettopp til historismen og det nasjonalhistoriske i ikkje-europeisk historiografiske kulturar. Historismens globale ekspansjon frå siste halvdel av 1800-talet la grunnlaget for dominansen til nasjonalhistorie etter avkoloniseringa. Sameleis som europeiske land nytta historie for nasjonsbyggjande føremål på 1800-talet, tok dei nyleg frigjorte koloniane i bruk historie som identitetsskapande verkty etter andre verdskrig. For særleg Afrika og Latin-Amerika har nasjonalhistorie ein heilt dominerande stilling. Det som har blitt produsert av globalhistorie med utgangspunkt i desse områda har i all hovudsak blitt til i USA og Europa. [12]

Frihet leder Folket. Den menneskelige legemliggjørelsen av den franske nasjonen.(Maleri av Miguu)
Frihet leder Folket. Den menneskelige legemliggjørelsen av den franske nasjonen.(Maleri av Miguu)

Globalhistorie som forskingsfelt er altså dominert av angloamerikanske miljø. Desse forskar på tema som i større eller mindre grad er avleia frå samtidige utfordringar og historiske erfaringar avleia frå den angloamerikanske kulturkrinsen. Unnatak finst sjølvsagt, og særleg gjeld dette ulike områdestudiar som har blitt ein viktig del av globalhistorie dei siste tiåra. «Det indiske havet» er eitt slikt område, der vekta gjerne er lagt på å kartleggje interne nettverk og dessutan relasjonar mellom området og verda utanfor. Slike områdestudiar er i større grad karakterisert av at forskingsspørsmåla er avleia frå sjølve området – og ikkje henta frå den angloamerikanske kulturkrinsen.[13]

Men sjølv ikkje slike områdestudiar slepp heilt unna skuldingar om eurosentrisme. Denne tredje grunnen til at globalhistorie er eurosentrisk har med tilnærming å gjere. Nettverksanalyse, som ofte er nytta i områdestudiar, er – som nesten alle historiske tilnærmingar – djupt rotfesta i den europeiske historiografiske kulturen. Tilnærmingar, metodar og teoriar er aldri verdifrie og føresetnadslause. Historismen var, trass i alle forsøk på ikle seg eit ferniss av objektivitet, djupt forankra i 1800-talets forsøk på å legitimere nasjonen. Det er difor dei som har peika på at historieskriving i sin primært europeiske variant – inkludert historiefilosofi, vitskapsfilosofi og metodar – ikkje berre representerer kulturell kolonisering, men òg inneber ekskludering. Trevor-Roper avviste afrikansk historieskriving før Europas inntog på kontinentet fordi han opererte med ei distinkt oppfatning av kva som utgjer historieskriving. Her kviler Trevor-Ropers avvising på eit historiesyn som går tilbake til antikken og som blant anna legg vekt på historieskriving som ein skriftleg aktivitet, strukturert av tid og kronologi og som å vere ei kritisk etterrøking av fortida basert på ulike kjeldekritiske testar. Afrikansk førkolonial historieskriving følgde i liten grad ein slik mal: den var munnleg i forma, overlevert over generasjonar før den til sist blei felt ned i skrift; den sokna langt meir til rom enn tid; og den var heller ikkje kritisk – i alle fall ikkje om me med dette meiner meir eller mindre systematisk bruk av kjeldekritikk.[14]

Eit viktig spørsmål blir difor om det er ei europeisk forståing av historieskriving som bør liggje til grunn for historisk etterrøking i ikkje-europeiske kontekstar. Wolf svarte som sagt eit kategorisk nei, og det gjorde i høgaste grad òg Ashis Nandy i ein artikkel frå 1995:

 

 Part of the hostility of the historically minded towards the ahistorical can be traced to the way the myths, legends, and epics of the latter are intertwined with what look like transcendental theories of the past. Historians have cultivated over the last two hundred and fifty years a fear of theories of transcendence (…) Why have historians till now not seriously tried to critique the idea of history itself?[15]

 

Nandys prosjekt lukkast nok betre med å synleggjere ekskluderingsstrategiar enn å tilby eit alternativ. Det går såleis ei line frå observasjonane til den arabiske historikaren Abu Rayhan Al-Biruni – som etter ei reise i India på byrjinga av 1000-talet meinte at hinduane verken bryr seg om «historisk orden» eller er «nøye med å framstille kongerekkja kronologisk»[16] – innom engelske kolonihistorikarars like ekskluderande tilnærming, til indiske historikarars omfamning av historismen.[17] Nandy var slett ikkje den einaste som ytra seg kritisk på 1990- og 2000-talet, men det var han som gjekk lengst i å avvise europeisk historieskriving og historiesyn som relevant for å forstå den indiske fortida. I så måte er det kanskje overraskande at Nandy ikkje vier meir tid til alternative tilnærmingar til fortida – tilnærmingar som vil vere i stand til å forstå og fange både den indiske fortida og indisk historieskriving. Ei indisk fortid, formidla i kategoriar som soknar meir til rom enn tid, meir lokal enn nasjonal i orientering og langt meir oppteken av ritual, symbolikk og det overnaturlege er jo slett ikkje umogeleg å skrive fram med tilnærmingar og metodar som er gjengse innanfor det europeiske historiefaget. Nandy – og fleire med han – har nemleg ein tendens til å operere med ei oppfatning av europeisk historieskriving som framleis dominert av historistisk tankegods – som å stå på staden kvil sidan siste del av 1800-talet. Den storstilte perspektivutvidinga – når det gjeld tilnærmingar så vel som tematikk – som har prega historiefaget særleg sidan andre verdskrig blir ofte ikkje tatt omsyn til.

Historiografiske kulturar er forskjellige, der ein kombinasjon av både ytre og indre faktorar er med på forklare posisjonen til ulike former for historieskriving.

Framtida til globalhistorie?

Den romerske historikaren Tukydid meinte at sikker kunnskap om fortida var naudsynt for å seie noko om framtida. Det er vel i dag få historikarar som vågar seg på slike øvingar, av ulike grunnar. Eg skal heller ikkje gje meg i kast med framtidspredikasjonar, men avgrense meg til somme refleksjonar kring framtida til globalhistorie i ljos av utfordringane kring det eurosentriske. Eg har så langt presentert det eurosentriske innslaget i moderne globalhistorie som eit problem – som ei etisk så vel som eit vitskapsteoretisk utfordring. Det er det vel òg, men kanskje ikkje i den grad som ein Nandy vil ha det til. Det er, for det første, stor skilnad på den første generasjonen av globalhistorikarar på 1960- og 1970-talet – med sine utilslørte eurosentriske utgangspunkt – og forsøka på å skrive globalhistorie utan eit sentrum på 1990- og 2000-talet. Det er, for det andre, enorm skilnad på det historiefaget som Nandy går til åtak på – eitt henta ut frå andre halvdel av 1800-talet – og det mangfaldet av tema og tilnærmingar som karakteriserer historieskrivinga etter den språklege vendinga. Variantar av transkulturelle tilnærmingar og ikkje minst komparasjon er i stand til å tvinge merksemda vekk frå ei undersøkingseining – om det no er ein nasjon eller eit kulturområde – til å sjå på tilhøvet mellom fleire einingar. Variantar av diskursanalyse og representasjonsanalyse og ikkje minst tilnærmingar lånt frå sosialantropologi er sameleis i stand til å fange ei verd som berre i liten grad kan gripast gjennom historistisk tankegods. Om det er mogeleg å utvide forståingsrammene innanfor det metodiske og teoretiske arsenalet som historikarar i dag har til rådvelde, er det ei langt større utfordring at globalhistorie i all hovudsak blir praktisert i angloamerikanske miljø. Saka er komplisert ved at den rører ved ytre faktorar – slik som dei økonomiske rammene for forsking og, i somme høve, politisk-ideologiske rammer som vektlegg nokre former for historieskriving og ikkje andre. I fleire afrikanske land, til dømes, blei ein vekst i (nasjonal) historieskriving etter sjølvstende på 1960- og byrjinga av 1970-talet, etterfølgd av ein periode av nedgang og tidvis oppløysing av tidlegare solide historiske forskingsmiljø – delvis knytt til økonomiske problem og delvis til meir totalitære regimeskifte. For andre historiografiske kulturar er framtidsutsiktene når det gjeld globalhistorie noko meir lovande. I Europa gjekk det nesten hundre år frå det vitskaplege historiefaget etablerte seg på siste del av 1800-talet til globalhistorie som eit forskingsfelt fekk innpass. Dei ikkje-europeiske historiografiske kulturane som tok til seg historismen gjorde dette femti til hundre år etter Europa; i den grad globaliseringa er like effektiv på 2000-talet som den var på 1800- og 1900-talet, er det mogeleg at globalhistorie – saman med andre viktige bindestrekshistorier slik som sosial- og kulturhistorie – gradvis vil vinne meir innpass. I så måte er det tendensar å spore der det europeiske historiefaget blei appropriert først og mest djuploddande – som i India og Japan. Avslutningsvis må det nemnast at det slett ikkje er automatikk i at globalhistorie skal få same nedslagsfelt overalt. Historiografiske kulturar er forskjellige, der ein kombinasjon av både ytre og indre faktorar er med på forklare posisjonen til ulike former for historieskriving. I Norden, til dømes, har globalhistorie fram til no hatt etter måten liten gjennomslagskraft. Denne stoda er vanskeleg å forklare utan igjen å vende attende til styrken til den nasjonale historieskrivinga. Sjølv i globaliseringas stordomstid etter tusenårsskriftet blir globalhistorie ikkje sett på som tilstrekkeleg relevant – som i stand til å svare på historiske spørsmål som framleis krinsar kring det nasjonale.

 

Litteratur

Christian, David. «The Case for ‘Big History’». Journal of World History, 2, s. 223-238.

De Lima Grecco, Gabriela og Sven Schuster. Decolonizing Global History? A Latin American Perspective. Journal of World History, 31, 2020, s. 425-446.

Deshpande, Prachi 2007. Creative Pasts. Historical Memory and Identity in Western India. 1700-1960. New York: Colombia University Press.

Frank, Andre Gunder. ReOrient. Global economy in the Asian Age. Berkeley: University of California Press, 1998.

Fuglestad, Finn. «The Trevor-Roper Trap or the Imperialism of History. An Essay». History in Africa, 19, 1992, s. 309-326.

Goldstein, Doris. «J.B. Bury's Philosophy of history: A Reappraisal. » The American Historical Review. 82, 1977, s. 896–919.

Melve, Leidulf. Historie. Historieskriving frå antikken til i dag. Oslo: Dreyers forlag, 2010.

Melve, Leidulf. Globalhistoriografi. Historie og historieskriving frå dei eldste tider til i dag. Oslo: Dreyers forlag, 2014.

Melve, Leidulf og Eivind Seland. Hva er globalhistorie. Oslo: Universitetsforlaget, 2021.

Nandy, Ashis «History’s Forgotten Doubles». History and Theory, 34, 1995, s. 44-66.

Rao, Velcheru Narayana, David Schulman og Sanjay Subrahmanyam. Textures of Time. Writing History in South India 1600-1800. Dehli: Permanent Black, 2006.

Wallerstein, Immanuel. The Modern World System 1. Capitalist agriculture and the origin of the European world-economy in the sixteenth century. New York: Academic Press, 1974.

Wolf, Eric R. Europe and the People without History. Berkeley: University of California Press, 1982.

 

[1] Sitert i Goldstein, «J.B. Bury's Philosophy of history», s. 897

[2] Sjå Melve, Historie, for ei framstilling av 1800-talets historiografiske utvikling med vidare referansar.

[3] Sjå Melve, Globalhistoriografi, for ei framstilling av denne globaliseringa av historiefaget.

[4] Sjå Melve og Seland, Hva er globalhistorie, for eit forsøk på å gripe globalhistorie som forskingsfelt.

[5] For den kanskje mest kjendte formuleringa av «Big History», sjå Christian, «The Case for ‘Big History’».

[6] Wolf, Europe and the People without History.

[7] For ein diskusjon av sitat og haldninga den representerer, sjå Fuglestad «The Trevor-Roper Trap».

[8] Sjå Melve, Globalhistoriografi, s. 307-312 med vidare referansar.

[9] Wallerstein, The Modern World System, s. 348.

[10] Frank, ReOrient, xv.

[11] Sjå Melve og Seland, Hva er globalhistorie, s. 72-76 for ei framstilling av denne diskusjonen.

[12] For eit nyare innspel i denne diskusjonen, sjå De Lima Grecco og Schuster. Decolonizing Global History? Meir generelt, sjå Melve, Globalhistoriografi, s. 271-338.

[13] For fleire eksempel på slike områdestudier, sjå Melve og Seland, Hva er globalhistorie, s. 100-125.

[14] Melve, Globalhistoriografi, s. 248-253.

[15] Nandy, History’s Forgotten Doubles, s. 51.

[16] Sitert i Rao, Schulman og Subrahmanyam, Textures of Time, s. 1.

Av Leidulf Melve, professor i historie, Universitetet i Bergen
Publisert 29. okt. 2021 11:00 - Sist endret 10. nov. 2021 11:26