FORTID 2/2019 får temaet AUST OG VEST

«Aust og vest» er ein kulturpolitisk dikotomi med lange historiske røter, som alt etter kor og når ein står i historia vil ha djupt forskjellige betydingar og implikasjonar.  Desse dikotomiane legg til rette for grovinndelingar av verda i to motpolar med det formål å tilby ein forklaringsmodell på eventuelle kulturelle, politiske, eller økonomiske forskjellar. Der ein i mellomalderen hadde for vane å dele in verda i ei kristen vestleg sfære og ei austleg islamsk ei, snakka Mao Zedong om «austavinden» sin uunngåelege siger over «vestavinden», og nytta som mange andre på den tida aust og vest som synonym på eit kapitalistisk og eit kommunistisk system.

Bosporosstredet, Istanbul, er for mange eit symbol på skilnaden mellom aust og vest.

I ei post-sovjetisk verd skapte samfunnsvitaren Samuel P. Huntington akademisk furore når han lanserte teoriane sine kring sivilisasjonskonflikt og «vesten mot resten», og Edvard Said sitt storverk Orientalisme treng knapt ein introduksjon.

Vil du skrive om kald krig, propaganda, tryggleikspolitikk, konspirasjonsteoriar, orientalisme, filosofi, industrirevolusjon, kolonitid, eller noko heilt anna? Kanskje har du ein tekst om amerikanske utvekslingsstudentar til Sovjetunionen på lur, eller eit  brennande ønskje om å diskutere krosstoga sett frå eit «austleg» perspektiv? Har du gjort deg nokre tankar om den pan-asiatiske rørsla som florerte i Japan før og under andre verdskrig du vil dele med andre? Eller kva med ein artikkel om tekst- og idéutveksling mellom den islamske og kristne verda i mellomalderen?

Til dette nummeret søkjer me etter tekstar med «aust og vest» som tema. Ønskjer du å bidra med ein tekst? I utgangspunktet er me interesserte i faglege artiklar på omlag 6-10 sider, men tar òg imot kortare tekstar, samt tekstar med ein friare, mindre akademisk stil og tone. Er du usikker på om ideen din høver seg til dette nummeret er det berre til å sende oss ein mail: redaksjonen@fortid.no. Meir detaljerte skribentinstruksar kan ein finne på www.fortid.no.

Frist: 20. mars 2019

Publisert 6. jan. 2019 07:12 - Sist endret 21. feb. 2019 18:48