Leiar 1/2019

Det er offisielt: FORTID har for alvor tatt steget inn i det digitale skiftet. Etter ein lang prosess kan vi med byrgskap presentere den nye nettsida www.fortid.no. Vi håper og trur at den vil gjere FORTID enda betre, både for lesarar, skribentar og redaksjonen.

salem

Sanning har sjølvsagt vore sentralt i rettargangar gjennom historia. I denne utgåva av Fortid kan du lese om trolldomsprosessane i Salem på 1600-talet.

Etter initiativ frå instituttleiinga våren 2018, har vi sakte men sikkert kome fram til ei løysing som gjer at FORTID kan nå ut til enda fleire. Til no har bladet vore noko eksklusivt, med alt det fine som følgjer med: Solide papirutgåver med lengre tekstar og intervju med ein vitskapleg basis – kombinert med fridom til å prøve og feile. Det har kosta pengar å abonnere, og vi har brukt alle ressursar på det prenta bladet som distribuerast ut. Kvart kvartal har vi trykt opp omlag 400 blad som har blitt sendt ut til abonnentar, bibliotek og kioskar rundt om i landet, og ikkje èin gong har vi fått negative tilbakemeldinger på denne praksisen. Og vi veit at kjensla av å få godt lesestoff i posten som ein kan kople av med er så og seie uslåeleg. Difor har vi sørga for at desse kjennemerka ikkje forsvinn i omlegginga.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det ligg eit stort potensiale i å gjere bladet meir tilgjengeleg digitalt.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det ligg eit stort potensiale i å gjere bladet meir tilgjengeleg digitalt på internett – ein når rett og slett ut til fleire lesarar på den måten. Det er noko som kan gagne både redaksjonen, eksterne skribentar og våre gode lesarar. Sjølv eit studenttidsskrift med det noko reaksjonære namnet FORTID skjønner det. Difor starta vi omleggingsprosessen saman med IAKH og USIT (takk, Lise Hamre!) i 2018.

 

Korleis blir det no, spør kanskje våre trufaste abonnentar gjennom mange år. Til dei svarer vi: Frykt ikkje. FORTID blir framleis et magasin som kjem ut fire gongar i året: Eitt blad kjem omkring mai, perfekt til å lese gjennom sommarmånadane – og eitt kjem ut omkring 1.desember, fin som julegåve, eller til å kople av med når romjula med familien blir for intens. I tillegg blir desse to utgåvene noko tjukkare, fordi vi gjerne vil trykke nokre av artiklane som berre har vore tilgjengeleg på nett gjennom semesteret. Og ikkje minst går vi kraftig ned i pris for dei som ønskjer å abonnere! Dei to andre utgåvene, som før kom ut på papir i mars og oktober, vil altså bli publisert på www.fortid.no. Vi kjem til å publisere nokre få tekstar i veka, for å spre lesestoffet utover.

Korleis blir det no, spør kanskje våre trufaste abonnentar gjennom mange år. Til dei svarer vi: Frykt ikkje. FORTID blir framleis et magasin som kjem ut fire gongar i året!

Den trufaste bidragsytaren og lesaren Knut Kjeldstadli har, som ein av fleire vitskapleg ansatte på UiO, vore ei viktig støtte for FORTID sidan oppstarten i 2004. Han har kome med eit sentralt innspel: Vi må ikkje la dei digitale utgåvene gå papirlesarane hus forbi. Vi er einige at det er uaktuelt å risikere å miste trufaste lesarar fordi vi no tilpassar oss den nye, digitale tidsalderen. Difor har vi gjort grep som gjer det enkelt å følgje med: Ein kan abonnere på nyheitsbrevet vårt, som vil komme på e-post ein gong i månaden, med oppdateringer om nye artiklar på nett. Dessutan har vi gjort print-knappen lett tilgjengeleg, slik at ein enkelt kan printe ut artiklar (dobbelsidig og på miljøvennleg papir, sjølvsagt!) viss ein vil lese dei i ro og mak fysisk. Vi arbeider òg med å lage ein funksjon der ein kan lagre artikkelen i pdf, slik at ein ikkje er avhengig av internett for å lese artiklar. Vi kryssar fingrane for at desse grepa gjer at alle lesarane som har vore med oss, blir med vidare.

sokrates gift
 Opp igjennom historia har menneske handla ut i frå sine sanninger. Nokre har til og med vore villige til å døy for den. Her ser vi Sokrates som heller ville drikke gift enn å gi opp si sanning. Foto: Wikimedia Commons.

Temaet for årets første utgåve, “sanning” i historia, har ting til felles med “det digitale skiftet”. For nokon er det ein brannfakkel som gjer ein forbanna, for andre er det eit spennande tema som opnar for nye idèar og vegar for faget. Og mange legg seg nok ein stad midt i mellom desse to ytterpunkta. Ein må passe seg for å konstruere for mykje polemikk i begge tilfelle – for å hamne på ein konstruktiv middelveg. I dette nummerets historikar-intervju formulerer Odd Arvid Storsveen seg godt: “jeg mener at poststrukturalismen har noen verdifulle elementer i seg som vi er nødt til å ta med oss videre i historieforskningen.” Dette er heilt sikkert: historiefaget må ta stilling til nye paradigmer, og sjå kva som opner for nye moglegheiter. Samstundes må ein våge å vere kritisk, og hugse på røttene sine.

Temaet for årets første utgåve, “sanning” i historia, har ting til felles med “det digitale skiftet”.

Utover våren kan du altså lese tekstar om sanning i historia. Nokre av dei tar for seg grunnlagsproblemer, andre ser på realhistoria og prøver å forstå korleis sanning og usanninger har spelt ei rolle gjennom tidene. Erling Sandmo (veke 12) og Tor Egil Førland (v.12) ser tilbake på sanningsdebatten 20 år etter, vår eigen Anne-Sofie Schjøtner-Skaar (v.13) skriv om rettargangen under trolldomssakene i Salem på 1600-talet, og vi har vore så heldige å få intervjue Marte Michelet (v.12) om Holocaust, Heimefronten og historiefaget. Arkeologistudenten Elisabeth Aslesen (v.17) spør vidare kvifor sanningsdebatten ikkje slo an like kraftig i arkeologimiljøet samanlikna med i historiefaget. Thor Steinhovden (v.16) skriv for oss om påverkingskrafta og det historiske bakteppet til alternative medier i USA i dag, ein særs aktuell tekst. Vi kan òg by på ein idéhistorisk tekst om Heidegger og sanning frå Kai André Sunde (v.15), og Mauricio Flores (v.14) frå redaksjonen skriv om korleis Friedrich Hayek og Ludwig von Mises på 1950- og 60-talet var kritiske til den historiske skulen. Dessutan er vi stolte av å ha med ein tekst frå arkeolog Vibeke Viestad (v.14), der ho skriv om korleis myta om “the naked bushmen” har vore definerande for til dømes San-folket i Sør-Afrika. Kanskje er det aldeles ikkje sant at San-folket gjekk rundt nakne, slik sosialantropologane på 1950-talet fortsatte å gå ut i frå. “Klesdrakta var ein heilt essensiell del av både den materielle og den sosiale kulturen deira”, fortel Viestad.[1] Desse tekstane viser at oppgjer med grunnlagsproblemer og historiografi er elementært for faget, og for akademia som heilskap.

 

Vi har som vanleg fleire tekstar utanfor tema: Norsk Økonomisk Historisk Forening vil dele ut pris for beste masteroppgåve, og vi har prata med leiar Eivind Thomassen (v.18). Daniel Maul (v.13) skriv om International Labour Organization (ILO); du kan lese om det ukjende søskenet til Carsten Anker, Peter, og korleis det kan ha seg at han møtte toppfolk som Adam Smith allereie som tenåring (v.12). Ein annan artikkel tar for seg utviklinga til offiserar i Danmark-Noreg frå 1660, og korleis kontrollen til kongen endra seg (v.12). Morten Rimstad Bentsen (v.15) har skrive om Sachsenhausen-saken i 1946, og dei politiske konfliktene som oppsto mellom norske tillitsmenn i fangeleiren. Partiet Arbeiderdemokratene og leiaren Johan Castberg skal òg fram i ljoset (v.17) – kan ein forstå deira sosialpolitiske engasjement viss ein trekk linjer til “det gamle samfunns” paternalisme?

 

I tillegg kjem sjølvsagt dei faste spaltene på løpande band gjennom våren: I “historikeren” har vi vore så heldige å få snakke med professor Odd Arvid Storsveen (v.14) om Wergeland, Manglerud og alt der i mellom. Denne gongen får vi dessutan innblikk i heile tre forskingsprosjekt i “på forskerfronten”, og Siri Aamodt (v.12) deler tips og gir innblikk i hennar fullførte masterarbeid. Latin-Amerika-ekspert Steinar Sæther (v.13) deler boktips og historier frå tida si som utvekslingsstudent i Colombia i “I bokhylla” – tidlegare “Standardverket”.[2] Sist, men ikkje minst, har vi fleire spennande bokmeldinger om alt frå Olav den Heilage til arabisk-israelsk diplomati, via bedriftshistorie om biokjemikalieselskapet Borregaard.

I tillegg kjem sjølvsagt dei faste spaltene på løpande band gjennom våren

Avslutningsvis vil vi rette ein stor takk til dei som gir oss økonomisk stønad til å fullbyrde FORTID slik vi vil: IAKH, SiO og Kulturrådet. Utan dykk kjem vi ikkje langt.

Vi pustar no letta ut, og ønskjer alle riktig god lesing!

 

Avtroppande redaktørar:

Eli Morken Farstad

Erlend Lundvall

Medredaktør Kristoffer Eriksen

 

Påtroppande redaktørar:

Charlotte Aslesen

Jonas Øverland

Web-redaktør Sigvart Nordhov Fredriksen

Medredaktør Minja Mitrovic
 

 

[1] Øystein Rygg Haanæs, “Arkeolog knuser myten om nakne bushmen”, Forskning.no. 21.12.2018.

[2] Les gjerne tidlegare bidrag til "Standardverket": Hilde Sandvik om Alice Clark i FORTID 3/2018 og Klaus Nathaus om Richard Peterson, og omgrepet "standardverk", i 4/2018. Då det blei tydeleg at historikarar tolkar dette omgrepet ganske ulikt, valde vi å endre spaltenamnet til "i bokhylla". 

Emneord: leder, leiar, sanning, sannhet, #1 2019 Av Eli Morken Farstad (avtroppande redaktør)
Publisert 19. mars 2019 12:59 - Sist endret 27. mars 2019 13:07