MASTEROPPGAVEN: Mathias Hatleskogen Tjønn

Foto: Privat

Kva skreiv du om i masteroppgåva di?

Ja, dette kan eg snakka om i timevis, men i korte trekk skreiv eg om kolonihistoria til Libya frå 1911 fram til i dag. Sjølv om kolonitida bare varte fram til 1943  var eg interessert i å sjå på om perioden og det systemet som vart etablert då, påverkar og formar italiensk og europeisk migrasjonspolitikk i Middelhavet i dag. Det var utgangspunktet mitt, og det var viktig for meg  at sjølv om dette som eit historisk arbeid var relatert til nåtida.

Eg delte oppgåva mi i fire kapitel, det første tok for seg den italienske erobringa av Libya i 1911 og kolonihistoria fram til 1943. Der såg eg på strukturelle ting, kva betydde det at Libya vart tvungen inn i ei italiensk sfære, økonomisk og politisk. Så i neste kapittel såg eg på noko som var og framleis er veldig viktig i relasjonane mellom Italia og Libya, nemleg oljeutvinning. Dette har tradisjonelt blitt sett på som noko som høyrde til etterkrigstida, men som eg gjennom arkivarbeid i Italia meiner å kunne bevisa at har ganske sterke band til kolonitida. Det var mange av dei same selskapa som jobba i Libya før og etter kolonitida slutta. Det var så tett knyta at det gjekk i arv frå far til son. Det var for eksempel ein geolog som jobba med oljeutvinning i Libya i kolonitida, som hadde ein son som seinare tok over dette arbeidet etter krigen. Sjølv om det var ei stor forandring frå Libya som koloni til Libya som ein sjølvstendig nasjon,  var det også veldig mye kontinuitet. I kapittel tre så såg eg meir på korleis italiensk migrasjonspolitikk utvikla seg frå å vera relativt liberal til å bli meir og meir restriktiv frå 90-talet og utover med innlemminga i Schengen-området. Det vart lettare å reisa inne i Schengen systemet, men veldig vanskeleg å komma seg inn frå utsida. I det siste kapittelet  ser eg spesifikt på tre avtalar mellom Italia og Libya og etterkvart også EU som har med migrasjonspolitikk å gjera. Kolonitida vart bakt inn i desse avtalane, som for eksempel då Italia, i ein veldig viktig avtale frå 2008, litt enkelt oppsummert tilbyr reparasjonar og unnskyldning for kolonitida, mot at Libya tar på seg grensevakt oppgåver for Italia. Til tross for at Libya har vore gjennom ganske mykje med fallet av Gaddafi og den pågåande borgarkrigen, har landet bare fått meir og meir ansvar med å redda, men også ta tilbake migrantar til leirar i Libya. Dei avtalane, både eksplisitt i dette tilfellet, men også implisitt bygger på dei tette økonomiske banda som blei lagt i kolonitida.

 

Korleis bestemte du deg for å skriva om dette?

Då eg byrja å tenka på kva eg skulle skriva om, hadde eg nokre grunntankar om kva eg ville gjera. Sidan eg snakkar italiensk  tenkte eg  det ville vere ein strategisk fordel for min del, sidan då kunne eg lesa kjelder på italiensk og gjere arkivarbeid i Italia. Sjølv før eg visste at eg ville skrive om italo-libyske relasjonar ville eg skriva om noko som hadde med Italia å gjera. Opphaveleg hadde eg ein ide om at eg skulle skriva om Trump og Berlusconi og sjå på Berlusconi som ein forløpar til mye av den populistiske retorikken og politikken. Eg kasta mange forskjellige idear rundt omkring, men i samtale med det som vart mine rettleierar, Elisabetta Wolff og Patrick Bernhard,  landa eg på at eg ville skriva om Italia og Libya. Trump-Berlusconi prosjektet gjekk eg etter kvart bort frå, litt fordi eg rett og slett tenkte at eg ikkje ville orka  å gjera eit djupdykk i desse personane, i all den mørke materien der. Eg tenkte det var for mykje å via eit år av livet mitt til politikken deira. Eg ville heller jobba med noko eg brydde meg om og ein situasjon eg syntest var viktig. Dermed valde eg europeisk migrasjonspolitikk i Mellomhavet, som etter min meining har gått frå vondt til verre det siste 5-10 åra, spesielt etter migrasjonskrisa 2015-16. Så eg hadde nokre slike føringar først, så då vart utfordringa å finna ut kva ein som historikar, eller masterstudent i historie kan ta med seg inn i den samtalen. Da vart italiensk kolonihistorie ein slags veg inn, ein interessant analytisk innfallsvinkel.

Dette falt på plass ganske tidleg og det hjelpte meg veldig, så det vil eg anbefala alle. Sjølv om det er litt stressande når du kjem til Blindern og skal velje tema å skriva om,  er det veldig hjelpsamt å berre  ta det valet. Du kan gjere mange justeringar underveis, men det hjelper deg å strukturera dei to åra mykje betre. Når du får pensumlista er det mykje litteratur, men viss du allereie veit kva du skal skriva om, kan du finna dei delane som er relevante for oppgåva di og fokusera meir på dei. Det kan vere ei utfordring, men prøv å ta det valet så tidleg som mogleg.

 

Kva type primærkjelder brukte du og korleis fant du kjeldane du brukte?

Primærkjeldemessig så hadde eg to innfallsvinklar. Det var mest arkivarbeid og då var eg i det italienske statsarkivet Archivio Centrale dello Stato i Roma. Der er det heilt enorme mengder materiale. Det er eit veldig stort og omfattande arkiv så dei fleste som skal studera italiensk historie er innom der. Men utover det så besøkte eg også ENI, det store italienske oljeselskapet (verdas åttande største ), den største operatøren på libysk sokkel og med  ei lang historie som var viktig for oppgåva mi. ENI vart grunnlagt i 1953, men bygga på AGIP som var eit tidlegare italiensk oljeselskap som opererte i Libya under kolonitida.[1] Der fant eg veldig mykje materiale, og då spesielt om overgangen frå italiensk oljeinvolvering i kolonien Libya under AGIP til eit nytt selskap ENI som måtte konkurrera om leiteområde og posisjonar. Dette gjer det delevis basert, vil eg meina, på metodar og kjennskap som dei hadde tilgang til som var erverva under sjølve kolonitida. 

Eg vil også anbefala, spesielt viss du er MITRA-student og skal ha praksis i utlandet, å legga denne til eit land der du kan få gjort mykje av arkivarbeidet. Det var dette eg gjorde under eit semester i Italia. Dermed hadde eg seks månadar med arkivtilgang og ikkje berre ei arkivreise på ei veka. I veldig mange land og kanskje i Italia spesielt, så tar det tid å få tilgang og finna ut korleis arkivet fungerer og korleis du navigerer deg gjennom det. Viss du legg praksisen eller utvekslinga til det landet du skal skriva om, får du tid til å komma å gå litt meir, bli kjent med arkivarane og bli litt varm i trøya. Og for all del, snakk med rettleiarane dine, og der var eg så heldig og ha Patrick Bernhard som har arbeidde mykje i arkivet sjølv. På ENI var eg så heldig å bli hjelpt av to bibliotekarar. Dette var eit mindre arkiv men privat og litt lettare å få tilgang til.

Det andre eg gjorde, sidan eg ville retta oppgåva mi mot samtida, var å gjera intervju. Som masterstudent i historie kan eg hevda at kolonitida gjer seg gjeldane i dag, men kva meiner folk som arbeidar i Libya om dette i dag? Diverre kunne eg ikkje reisa direkte til Libya fordi det er eit land i borgarkrig. Men eg drog til Tunisia,  der er det nemleg ein stor libysk diaspora, og alle hjelpeorganisasjonane som arbeider i Libya har kontor der, ettersom det er for farlig å ha det i Libya. Eg intervjua to hjelpearbeidarar som arbeider for ein italiensk humanitærorganisasjon om arbeidet deira, men også meir spesifikt om kva band dei såg til kolonihistoria og korleis det var å vera italienar i Libya i dag. Snakkast det mykje om desse tinga eller snakkast det ikkje om dei?  Då fekk eg ei ein-til-ein-oppleving, og eg prøvde å sjå om det var noko der som eg kunne prøva å ta med inn i oppgåva, noko som informerer ho utan at det blir veldig person A og B seier dette og dermed så må det vera sant.

Så intervjua eg også ein italiensk journalist som har budd og arbeidd i den libyske hovudstaden Tripoli i mange år for å få eit litt betre bilete på sivilsamfunnet og korleis media såg på dette. Det hjelpte meg veldig i å posisjonera den historia eg grov fram litt utanfor ståstaden til historikaren. Blant anna noko av det eg nemner i oppgåva og som det er viktig å få fram, som ikkje blir snakka nok om, er at Italia hadde interneringsleirar langs kysten av Libya under kolonitida der ein internerte sivile med tvang. Dette er ei mørk historie der kanskje så mykje som 60 000 menneske døydde. Det er inga direkte forbinding frå desse leirane til dei leirane som eksisterer i Libya i dag, som huser migrantar. Men, det er interessant å stadfesta at det var leirar der då, og så har me eit nytt system med leirar i dag. Det er ikkje den same brutaliteten, men det er ingen historisk bevisstheit over dette blant dei frå sida til EU og Italia som legg til rette for og delvis finansierer desse leirane.

 

Det er mange slike ubehagelige ting ein kan avdekka i oppgåva si, men som eg føler det er viktig at ein som historiestudent løfter fram og peikar på.

 

Det er ikkje så vanleg for historiestudentar å bruka intervju i oppgåva si, korleis handterte du dette?

Dette var litt utfordrande for meg, det er som du seier ikkje så vanleg for historiestudentar å bruka intervju. Men eg hadde bestemt at eg ville gjera det. Måten eg fant intervjuobjekta mine på, var at eg rett og slett berre skreiv til menneske eg tenkte kunne vita noko om det – til dømes journalistar eg fann som hadde jobba i Libya, om dei var interessert i å snakka med meg eller om dei kjente nokon som var det. Så det var veldig mange «cold calls» der eg sendte e-poster ut i verda i håp om at eg kom til å få svar. Til slutt så fekk eg det til, men det var ganske mykje organisering. Men eg hadde begynt tidleg ettersom eg hadde bestemt meg tidleg for kva eg ville skriva om. Eg byrja å senda ut e-postar i det andre semesteret. Det tok nokre månadar så etterkvart fekk eg nokre avtalar på plass. Sidan eg var i Italia så lenge kunne eg også hive meg rundt å vera fleksibel. Det må ein alltid vera når ein framand skal gi deg av tida si når dei ikkje kjenner deg, dei skylder deg jo ingenting.  Så det var veldig heldig for min del. Når det kjem til dei som arbeidde i frivillige organisasjonar, var det ganske utfordrande fordi eg fann ut at den beste måten å få dette til var å reisa til Tunisia. Eg hadde lagt ein avtale med ein organisasjon, men dei trakk dei seg etter eg hadde landa i Tunisia. Då stod eg på bar bakke igjen. Heldigvis hadde eg nokre kontaktar der som eg kjenner gjennom andre aspekt av livet som hjelpte meg veldig. Til slutt så fant me to menneske som jobba for denne italienske organisasjonen som var villige til å snakka med meg. Så det gjekk seg heldigvis til, «by hook or by crook», det kunne gått alle vegar det.

Eg vil anbefala veldig å bruka intervju i oppgåva di. Arbeidet til historikaren kan fort bli einsamt der ein sitt åleine på arkivet. Då kan det vera greitt å gå ut å snakka med nokon om det du arbeidar med å sjå korleis dei forhold seg til dette eller ikkje forhold seg til det. Det er jo også interessant.  Men det er viktig å starta denne prosessen tidleg å snakka med rettleiar fordi det er mange praktiske ting ein må ta omsyn til når det kjem til datainnsamling og lagring og slikt. 

 

Litt vidare til korleis du strukturerte arbeidet med oppgåva. Kva gjorde du viss du satt litt fast og ikkje viste kva du skulle skriva?

Det var tidvis litt utfordrande. Det var mange som peikte på at eg skulle skriva om meir enn hundre år med historie og at dette var for mykje for ei masteroppgåva. Dei hadde for så vidt rett, men eg var interessert i å sjå dei lange linjene, slik at eg tenkte at viss eg klarar å berre sjå på tinga som er relevant for det eg vil sjå på seinare, og bygga litt stein på stein, så vil dette gå greitt.  Men, det vart ei oppgåve der eg i byrjinga skreiv alt for mykje om for eksempel kolonitida og  plutseleg  ikkje hadde nok plass til resten, så eg måtte jenka det inn ofte. Eg hadde mange samtalar med og sendte mange utkast til mine rettleiarar og fekk tilbakemelding på dette. Både til Patrick og Elisabetta, men også Maria Gabrielsen Jumbert som var min tredje rettleiar som du får når du skriv masteroppgåva her på PRIO. Eg henta dermed inn mange meiningar om det eg skulle skriva om, men til slutt tok eg avgjersla sjølv og bestemte at eg vil halde på det tidsrommet på hundre år.  Eg tok  like fullt til meg det dei sa om at eg måtte spissa det til, at eg ikkje ville få plass til å skriva om alt og at eg måtte la mykje interessant stoff ligga. Eg brukte også dei ulike elementa i MITRA-graden så godt eg kunne. Der er det kurs der ein skal laga disposisjon og prosjektskisser og sidan eg hadde bestemt meg tidleg så var det lett for meg å levera inn ein ganske omfattande disposisjon og få synspunkta til heile klassen på dette men også få tilbakemelding frå professorane. D fekk eg svar på om dette var heilt galimatias eller om det gjekk det fint. Spesielt kursane med Klaus Nathaus  (MITRA4020 og MITRA4030) som dreidde seg om korleis ein rett og slett skriv ein masteroppgåve i historie, var nyttige.

Kva eg gjorde når eg satt fast? Det skjedde, eller at eg ikkje fant kjelder, det var også noko som skjedde. Eg sat her på PRIO og skreiv og  flytta meir eller mindre inn her i ein periode, og eg veit ikkje om det var så sunt. Eg satt her ikkje heile døgnet, men nesten, men det var bare min måte å gjera det på og eg kan ikkje anbefale det til andre. Då satt eg på ein måte i det, og då kunne eg ikkje gå frå det før eg hadde gjort det eg skulle gjera. Så eg dreiv  kjærasten min litt til vanvidd til tider, men ho var heldigvis tålmodig med meg. Eg hadde jo funne noko eg syntest var veldig spanande så eg kunne halde på med det lenge utan at eg vart matt og lei av det. Eg blei kanskje lei av visse aspekt ved det, men då kan ein prøva å ta med akkurat den delen til nokon du trur veit noko om det og spør dei. Det er veldig lett. Ein vil kanskje ikkje vise at ein er usikker og tviler litt, men det gjer alle menneske og alle akademikarar også. Sjølv om eg ofte satt med oppgåva åleine i timesvis, passa eg også på å gå ut av den bobla av og til. slik at ein ikkje køyrer seg heilt fast. For all del, snakk med rettleiarane dine, ikkje forsvinn fordi du føler at du skylder dei noko eller har dårleg samvit for at du ikkje har levert. Tenk på at dei vil deg det beste, dei vil deg bare vell. Så involver dei, det får du veldig mykje igjen for.

Gi deg sjølv også små ting som er litt lettare av og til. Viss du sitt fast med eit eller anna og tenker at du ikkje får dette til, så er det kanskje nokre andre oppgåver i masteroppgåva som er enklare og meir morosame som du kan gjera. For meg var det å finna gode bilete til kvart kapittel, finna noko som passa og utforska korleis eg kunne klarera rettar og alle desse tinga. Eg jobba framleis, men eg tok ein liten pause frå det som eg stod fast med. Slik at då arbeider du med det underbevisst, og du kan gå tilbake seinare. Noko anna eg og gjorde, var å laga kart i lag med kjærasten min som er grafisk designar, det er noko eg synest er veldig spanande. Å arbeida med noko som fortel historia di visuelt  var også ein slags pause der eg framleis arbeidde med oppgåva, men til tider gjorde noko  som var litt på sida av hovudfokus.

 

Kva gjer du nå, og korleis har det du lærte i arbeidet med masteroppgåva hjelpt deg med dette?

Nå arbeider eg som forskingsassistent her på PRIO, eg byrja eigentleg sommaren eg leverte og har arbeidd her sidan. Eg arbeidar blant anna med desse to hyggelige menneska her (Mathias peikar på to kollegaer som går forbi),  eg assisterer på ulike prosjekt som er migrasjonsrelatert  – slik at det er ein ganske klar link mellom det og oppgåva mi. Eg har også ein rettleiar (og nå sjef her), Maria Gabrielsen Jumbert, som er opptatt av mange av dei same tinga som meg og me skriv artiklar kor aspekt av det eg skreiv om, for eksempel kolonihistorie og avtalereisverket mellom Italia og Libya, møter det ho held på med, europeisk migrasjonshandtering i Middelhavet.

Eg vil seie at  masteroppgåva mi har forma alt eg har gjort sidan. Fordi eg valde noko eg brann for då og nå og dermed er det bare eit spørsmål om kor det er interessant, for meg og andre eg arbeidar med, at eg tar med meg dette vidare.

 

Til slutt har du eit kort enkelt tips til nåverande og framtidige  mastergradstudentar i historie?

Absolutt! Det eg alltid seier når eg blir spurd om dette frå venner eller andre, er: før du vel tema, tenk på kva er det eg kan i livet som kan vera ein hjelp eller fordel for meg. Kan eg eit språk som kan hjelpa meg med kjelder, eller kjennskap til eit land, har du slekt i Malaysia og er interessert i Malaysisk historie for eksempel. Med andre ord er det noko som gjer at du er spesielt egna til å grava fram denne historia i forhold til andre?

 

Sist, men ikkje minst, tenk på om du skal legga praksis/utveksling til det landet der du skal gjera kjeldearbeidet ditt, då kjøper du deg sjølv veldig mykje tid.

 

NOTER

 

[1] AGIP eller Azienda Generale Italiana Petroli blei grunnlagt i 1926 som et heileid italiensk statleg oljemonopol. Etter andre verdskrig blei AGIP grunnsteinen i ENI og er i våre dagar et dotterselskap av oljegiganten. ENI eller Ente Nazionale Idrocarburi er på si side deleigd av den italienske staten, som kontrollerer litt over ein tredjedel av aksjane i selskapet.

Publisert 25. okt. 2020 13:25 - Sist endret 25. okt. 2020 13:25