PÅ FORSKERFRONTEN: Eli Morken Farstad

Eli Morken Farstad er også tidligare redaktør i Fortid! Foto: Privat. Publisert med tillating. 

Alder: 29

Stilling: Stipendiat i Kulturstudiar, med      
25% undervisningsplikt vedcampus Bø

Institusjon: Universitetet i Søraust-Noreg,
Institutt for økonomi, historie og samfunnsfag
ved USN Handelshøyskolen

Har tidligere studert: Bachelor- og mastergrad i historie og bachelorgrad i engelsk

Aktuell med: Doktorgradsstipend i historie

 

 

Kva handlar doktorgradsprosjektet ditt om? 

I mitt prosjekt studerer eg lokal politisk kultur i områder utanfor urbane strøk. På tidleg 1800-tal levde det store fleirtalet av folk utanfor byane - også dei som fekk stemmerett, etterkvart som fleire liberale forfatningar blei underteikna i vår del av verda. Derfor gir det meining å legge lupa over desse menneska. “Politisk kultur” er eit omdreiingspunkt i prosjektet, som opnar for å utvide forståinga av kva politisk historie er. Ved å studere nærmare kva og kven som deltok i og omringa interaksjonen om makt i grisgrendte områder, kan vi sjå fleire pikslar i våre bilete av denne historia.

I prosjektet mitt gjer eg case-studiar av ulike områder i norske landdistrikt i tiåra før 1850, frå Sannidal i sør til Andøya i nord. Eg tar utgangspunkt i bønder som blei valde inn til Stortinget i perioden, og spør kvifor dei ønska å ta i bruk handlingsrommet dei hadde fått i Grunnlova. Stortingsbøndene fungerer som prisme til å sjå lokalsamfunna dei vaks opp og levde i, i tillegg til at eg studerer dei som aktørar i den same kulturen.

Eg trur det er viktig å stadig prøve å forstå korleis religion, politikk og folkeleg engasjement heng saman. I perioden eg ser på var haugerørsla, som sprang ut av lekmannsaktiviteten til Hans Nielsen Hauge (1771 – 1824), ei rørsle med mange følgarar over store delar av landet. Det er ei gammal tese i historiografien at haugerørsla har vore ein katalysator for politisk aktivitet, men det trengs fleire nærstudiar av forskingsmaterialet for å bringe nyansar til bordet. Eg ser derfor spesielt på korleis ideologien og organiseringa til haugerørsla verka i den lokale politiske kulturen.

 

Korleis kom du fram til dette temaet? 

Eg arbeida med eit liknande tema i mi masteroppgåve som eg leverte ved UiO i 2019. Ideen om å sjå på haugerørsla i den lokale politiske kulturen fekk eg frå ein erfaren historikar over ein kaffi i SV-kantina. Kombinasjonen av politisk mobilisering og lekmannskristendom festa seg hos meg, og då eg fekk snakke med Hilde Sandvik som potensiell rettleiar om temaet var eg ikkje i tvil om at det var dette eg ville bruke tid på. Eit par tårer har unekteleg trilla i mi tid i tredje etasje på Niels Treschows, men likevel har eg til gode å bli lei av problemstillinga.

 

Korleis var vegen frå masteroppgaven til doktorgradsprosjektet? Har du bruk for arbeidet du gjorde da i ditt noverande prosjekt?  

Henrik Mathiesen, også tidlegare Fortid-redaktør, skreiv ein gong i denne spalta at det «gjelder å ha noe i fingerspissene som kan passe» når det kjem ei stipendiatutlysing. Dersom ein kan søke på ei prosjektstilling som bygger på eit tidlegare arbeid, er ein heldig, og det var nettopp det eg gjorde då eg søkte på stillinga i Bø. Mest markant er vel nytten av å ha orientert seg i forskingsmaterialet og faglitteraturen, i tillegg til å ha (famlande) testa ut teoriar som kan vere fruktbare i møte med empirien. Dette gir eit overskot i avhandlingsarbeidet som eg er takksam for. Eg jobba dessutan på arkiv før eg begynte i stipendiatstillinga, og det var ein nyttig pustepause som gav meg praktiske erfaringar innafor ein viktig del av historieforskinga.

 

Kva er ditt beste tips til historiestudentar og framtidige historikare? 

Som tidlegare redaksjonsmedlem i Fortid har eg lese ein ganske stor mengde tekstar til «På forskerfronten», og presset til å skrive noko utprega klokt her er desto større. Det er jo berre å gi opp med ein gong! Men for meg har vegen frå å vere historiestudent på førsteåret til å få ph.d.-stipend mest av alt vore utprøvande. Eg har latt vegen blitt til imens eg gjekk, valt å sjå på tema som eg hadde lyst til å lese og skrive om til lyset på lesesalen blei skrudd av, og ikkje minst: omfamna det kaoset som humanioraforsking byr opp til. Det spennande men uføreseielege kjeldearbeidet, og dei gode samtalane (med både medstudentar, rettleiar og historiografi) som ikkje nødvendigvis har ein fasit. Historia er på mange måtar kaotisk, men full av meining! Det same kan ein kanskje seie om livet som historikar?

…og så må eg jo føreseieleg legge til: Bli med i Fortid! Det blir ein artig og annleis del av livet på masterlesesalen. Eg var sjølv veldig nølande til å dra på det første redaksjonsmøtet, men ser no at det også hjelpte meg til å få meg jobb etter mastergraden.

 

Kva er dine planar vidare? 

Om nokre veker håper eg å kunne gjennomføre ein kjeldetur til Andøya, som blir eit friskt innslag etter ein lang vinter på heimekontoret. Utover i semesteret skal eg balansere arbeidet med avhandlinga med undervisningsplikta ved USN Bø. Det er litt krevjande, men å undervise er også eit sunt innslag i ein elles nærsynt kvardag som stipendiat. Dessutan kan eg, takka vere pliktarbeidet, bli med i alle samtalane om undervisning på Zoom og Teams i denne merkelege tida vi lev i – og ingenting er vel betre for psyken enn å delta i kollektive utblåsingar over at alt var betre før!

Publisert 22. mars 2021 13:44 - Sist endret 23. mars 2021 14:08