Nettsider med emneord « #Kultur»

Publisert 2. feb. 2017 10:44

«Ut or unionane!». Det retorisk treffande slagordet hugsar nok fleire av dei som følgde godt med i innføringsemnet i nyare norsk historie. Slagordet frå Noregs Ungdomslag var eit rop om at dersom det norske folket skulle vere frie i eige hus, så måtte ein kome seg ut av dei to unionane ein var i: den politiske unionen med Sverige og den kulturelle unionen med Danmark.[1] Tokulturlæra i norsk historie tek føre seg realhistoria og forskingshistoria rundt sistnemnde av desse to unionane.